Rekordmange på MINI-leir på Frænabu

Stig Einar Sørensen var taler på MINI-leiren

Stig Einar Sørensen var taler på MINI-leiren

Her kommer en rapport fra høstens «MINI-leir».

Tekst og foto: Grete Marita Heiseldal

Åtti små og store møtte opp til minileir på Frænabu laurdag 1. november. Så mange har det aldri før vore på ein minileir i kretsen vår. Det er kjekt å sette slike rekordar!  Enno var det ti som stod på venteliste. Sjølvsagt er det trasig for dei som ikkje får være med, men det er stort at det er så mange som vil på leir.

Leiren tok til med ein nydeleg lunsj, laga av sjefskokk Reidun Åndal. Med god mat og drikke i kroppane, bar det ut til sporløp i et veldig regnver. Men regnet la ingen stoppar på innsatsen. Både små og store viste stort engasjement i både fisking, balansering, kims lek, ballkast, tipping og løysing av oppgåver.

Etter å ha tørka, var det fantastisk å kome inn til nylaga pølsegrateng. Det var også godt setje seg ned å høyre på at Stig Einar Sørensen fortalde den spanande historia om Jona som rømde frå Gud og hans plan. Barna sat stille som mus og fekk med seg kvart einaste ord.

Kiosk høyrde også med, før det braka laus med den store leirfesten. Her var det full rulle med mykje latter, leikar, premieutdeling, bildeframsyning og kveldsmat med varme kanelbollar. Etter eit høgt aktivitetsnivå, var det godt å roe ned med eit andaktsord og ein godnattsang. Så var det mange trøtte kroppar som fann vegen til romma sine.

Medan barna la seg, ordna hjelpeleiarane i stand kveldskaffi til dei vaksne. Vi nytte kvelden med ein kaffikopp, varme skulebollar, snop og god prat.

Så var det søndag og minileirdeltakarane såg ingen grunn til å sova bort dagen, så vi starta tidleg. Etter frukost og bibelsamling, laga vi to store langbord i møtesalen – det var klart for hobbyaktivitetar! Til sist vart leiren avslutta med middag og eit flott familiemøte.

Til slutt vil eg gjerne takke. Takk til alle barn og foreldre som kom på leiren. Takk til Reidun som gjorde ein ubeskriveleg innsats på kjøkkenet. Takk til Stig Einar som formidla bodskapen om Jesus på ein flott måte for oss alle. Takk til alle leiarane som stilte opp og gjorde ein kjempejobb. Spesielt takk til hjelpeleiarane vi hadde med oss på denne leiren! Kjempeflott at de vil være med! Dei hjalp til med det meste og sat mest ikkje still eit sekund.

Helsing frå leirsjef, Grete M. Heiseldal

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *