HÄNDELS MESSIAS I STRAUMSNES KYRKJE
HÄNDELS MESSIAS I STRAUMSNES KYRKJE
Det er 60 år sidan G.F. Händels storverk, Messias, sist blei framført i Tingvoll. No har vi gleda av å invitere til ei oppsetting i Straumsnes kyrkje lørdag 5. april. Dette er eit samarbeid mellom lokale sangarar og koret Divisi.
Musikarane er dels henta frå Sinfoniettaen i Kristiansund, dels frå Stavanger symfoniorkester og handplukka til å vere med på dette. Vi gler oss til å fylle kyrkja med fantastisk musikk framført av eit stort kor med profesjonelle musikarar som tonefølge og inviterar alle til å bli ein del av ein flott kveld
For å kjøpe billettar kan de følge linken til https://event.checkin.no/95892.
Billettane kostar 350 kr for ein enkeltbillett mens ein familiebillett kostar 600 kr. Konserten støttast av Gjensidige, Møremusikerordninga og Sparebankstiftelsen Nordvest saman med andre sponsorar. Konserten er ein del av Kulturvekkå i Tingvoll
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!