Høyrer du sølvtrompetane?
Framleis kallar Gud folket sitt saman – fordi han har noko å tala med oss om.
I 4. Mosebok kapittel 10 les vi om at Gud gjev Moses beskjed om å lage to trompetar hamra i sølv. Dei skulle brukast til å varsla folket, og det var særleg to ting dei skulle brukast til.
Det eine var når folket skulle bryte leir, enten for å gå vidare eller fordi dei vart angripne av fiendar. Då vart det blese alarm.
Det andre var når folket skulle samla seg framfor inngangen til Tabernaklet. Då vart det blese i begge trompetane, og så skulle heile folket samlast. Grunnen var at Herren hadde noko å seie til folket sitt.
Eg veit ikkje, men eg vil tru at det var med både glede og spaning folket strøymde til Tabernaklet når det vart blese i trompetane. Gleder over at Gud ville møte dei – og spaning over kva bodskap som skulle lyde.
Når sølvtrompetane lydde – var det Gud som samla folket sitt. På hebraisk vert ordet ”gahal” bruka om dette – det er det same ordet som det greske ”ekklesia”. Dette ordet betyr ”å samlas” eller ”å koma saman” – herifrå har vi orda ”forsamling”, ”menighet” og ”kyrkjelyd” som vi i dag brukar når kristen menneske kjem saman.
Det å samlas som kristne er ikkje noko som menneska har kome på. Det er Guds ide og er ein av de fire grunnpilarane for den kristne kyrkje i verda (saman med nattverden, bøna og Guds ord – Ap.gj. 2,42).
Framleis bles Gud si sølvtrompetane sine. Framleis vil han samla folket sitt – han har noko på hjarta. Han vil at vi skal samlast i små og store samlingar, slik at han kan tale til oss gjennom forkynning, song, vitnemål, den kristne samtalen m.m.
Ei møteannonse i avisa eller på internett er mellom dei sølvtrompetane Gud brukar for å kalle saman folket sitt i 2013. Når det til dømes tillyses møte på bedehuset må vi taka det på like stort alvor som Israelsfolket gjorde det når trompetane lydde. Det er ikkje ImF, NLM eller andre som tillyser møte – djupast sett er det Gud Herren sjølv.
(So er det ei heilt anna, men sers naudsyn sak og arbeide med form og innhald, klokkeslett med meir for ulike kristne samlingar).
Kvar laurdag sit eg og les i Romsdals Budstikke alle annonsane for kristne møter og lista over gudstenestane som skal vere den helga. Då tenkjer eg alltid at dette er min Herre og Gud som bles i sølvtrompetane og som vil samla sitt folk. Han ynksjer framleis å møte oss, han har framleis noko på hjarta.
Ikkje alle møteannonsar er aktuelle for meg. Eg har min åndelege heim i bedehuset og høyrer heime der. Men når eg til dømes ser at det skal vere samling i Metodistkyrkja så veit eg at det er Gud som kallar folket sitt saman, og så kan eg gle meg over å få vera ein del av ei stor verdsvid kristen kyrkje, sett saman av mange ulike menneske. Men alle har vi ein ting til felles, vi har fått nåde og syndstilgjeving ved Jesu blod.
Høyrer du sølvtrompetane – og kjem du? Det er Guds som kallar deg til å koma saman med han og hans folk.
Arild Ove Halås
kretsleder Nordmøre og Romsdal Indremisjon
I sendebreva til kyrkjelydane i Joh. Opb. lydde det fleire ganger: Den som har øyra, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane. Vi treng meir enn nokon gang, å få høyra trompet- lydane – utover landet og folket.
Vil dela med dykk eit dikt som Abraham Thompson, skreiv omkring 1920 åra.
Lekmannsbevegelsen.
Lekmannsbevegelsen Villet av Gud,
Stiftet av Jesus selv. Da han tok ut
Sine arbeidere. Ulærde fiskere,
Gjenfødte syndere, Rettelig kalt.
Alle apostlene Var leke menn,
Saulus var «lærd», Men blind, Forfølgeren.
Etter han møtte Krist, Ble han evangelist,
Mektig med Åndens gnist Stormet han frem.
Helt fra aposteltid Og til i dag
Har denne retning fått en masse slag.
Forfulgt fra sted til sted, Hatet og rakket ned,
Men Jesus har vært med Sitt eget verk.
Hans Nielsen Hauge ble Lekfolkets mann.
Omvendt med Ånden fylt, I hellig brann.
Virket blant ulvehyl Stille mottok han pryl.
Hans ord de stakk som syl I fiendens bryst.
Denne bevegelse er sunn og god,
Vitner om synd og straff. Og Lammets blod.
Seirende går den fram, Skarer blir frelst ved ham,
Som bar vår synd og skam. Ære skje Gud!
Mange forkynnere Har slitt seg ut,
Reiser fra sted til sted Med gledesbud.
Ofrer sitt eget liv, Ja både barn og viv.
Selv er han svak som siv, Men sterk i Gud.
Broder og søster hør, Tiden er nær!
Jesus kan komme snart, Så skrevet er.
BE, be og atter be Om bibelsk vekkelse,
Så syndere får se Seg selv fortapt.
Fornyelse og kraft Trenger vi nå,
Om lekmannsarbeidet Skal framgang få.
Dyp synderkjennelse, Bot og omvendelse.
Blant de bekjennende Er Ordets veg.
MÅ Ånden falle på Vårt frelste folk,
Utrust dem å bli Skriftordets tolk.
Skap sjelevinnere Og ungdomsledere,
Gjør store under For Jesu skyld.
Vi ikke glemme må Skaren så stor,
På hedningefeltene, Hvor mørkret bor.
Gud sign hver misjoner, Lekmannsarbeidets hær!
Vær tro det hjemad bær Til hvilens land.
Tenk hvilken ære stor – Ambassadør!
For verdens største makt – At Herren tør!
Sign då din vitnehær Som du i nåde bær.
Kall enda mange fler – Til emissær.