Nytt fra Høgtun

 Rektor Bjarte Grøteide har sendt oss en oppdatering fra livet på Høgtun Folkehøgskole.

Helga 3.-5. mars var det fjorårstreff. 40 av elevane frå i fjor fekk med seg volleyballturnering, kveldstreff, morgonsamlingar og – ikkje minst; mykje god prat og mimring.Veldig god stemning heile helga.

Som ein del av programmet var det også i år lagt inn «Tacokveld og stjerner i sikte». Denne delen av programmet var lagt lørdagskveld og var åpen for folk i bygda og for årets elevar. Gymsalen var heilt full og det var 11 gode innslag på «Stjerner i sikte». Det var svært populært at ABBA gjorde comeback på scena:) Det var og eit par svært gode og sjarmerande innslag med unge sangarar heilt ned i førskulealder.

Høgtunpersonalet rakk å trekke pusten mandagen før det braka laus med «Nordvest-cup» i volleyball. I tillegg til Høgtun stiller folkeshøgskulane Molde, Borgund, Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord i denne turneringa. Idrettslærar Idar Remmereit hadde ei veldig god hand om organiseringa av kampar og program. På tirsdagskveld var det felles programkveld med allsang, andakt, underholdning og forfriskningar. Høgtun-gutane gjekk heilt til finalen – og 2.plass i dette selskapet er ein god prestasjon!

Høgtun fyller 100 år i år. Vi gler oss over eit fint kull dette skoleåret og er og glade for at 58 elevar allerede har sagt ja for komande skoleår. Det ser ut som at vi kan få full skole i august!

Vaktmester Nils er i full sving kvar dag. Det er mykje som skal vedlikehaldast. Akkurat no er han i gang med å fjerne betong frå eit av toaletta på murbygget. Her skal det pussast opp og bli fint og nytt.

Komande åpne arrangement:

25. april kl 18.00: Kulturkveld med NRK-journalist Einar Lunde
9. – 11.juni: Sommerfest/kretsårsmøte NRI
23.-25.juni: Jubilanthelg
4.-7.august: KRIK familieleir
3.november: Jubileumskonsert
4.november: Jubileumsfest – Høgtun 100 år

17193816_651026698438458_1466100268_o 17199253_651026658438462_305751879_n

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *