Høgtun Folkehøgskole søker «Fadder-familier»

De fleste elevene på tur på Reinsfjellet

De fleste elevene på tur på Reinsfjellet

Skolen har flere utenlandske elever som ikke kan reise hjem i feriene. Høgtun leter nå etter familier som kan tenke seg å ha en fadderoppgave for disse elevene.

Rektor Bjarte Grøteide skriver:

Vi er i ferd med opptaket for komande skoleår. Vi får kvart år ein del
utanlandske elevar. Vi har bl.a ei «utveksling» med ein elev frå Wondany
i Kenya. Våre elevar besøker menigheten der – og vi betaler plassen for
ein elev frå dei. Det er berikande og fint for miljøet på skolen at vi
har eit internasjonalt miljø. Utanlandske elevar rekrutterer også nye
elevar – som er positivt for oss!

Ei utfordring har vi likevel med dette; feriane. Alle norske elevar
reiser som regel heim. Nokre utanlandske har og familie eller vener dei
reiser til – men ikkje alle. Alternativet blir då at nokre få
utanlandske elevar blir heilt åleine på Høgtun. Vi har ikkje lærarar
eller ansatte på jobb – så det kan bli litt einsamt for dei. Vi ordnar
det praktiske slik at dei lagar seg mat sjølv osv. Men litt tomt blir
det jo når 100 elevar reiser..

Det hadde vore veldig god hjelp om nokon kunne tenke seg å vere
«fadderfamiliar» for ein utanlandsk elev. Ein norsk heim som for
eksempel ein Kenyanar kunne hatt litt kontakt med og som han/ho kunne
reise heim til i feriane. Om nokon kunne tenke seg dette ville det vore
flott. Kanskje det ikkje passar heile ferien, men deler av ein ferie?
Det ville og vore bra.
Vi har norskundervisning for elevane våre.

Eg tenker kanskje primært på elevar som kjem hit i august 2017.

No i vinterferien er det 3 elevar som skal vere på Høgtun; Jeezrel
(Kenya) Jin (Sør-Korea) Jury (Japan). Jury (jente på 24 år) snakkar
flytande norsk! Desse 3 er innstilte på å vere på Høgtun no. Dette blir
og løysinga i påskeferien – om ikkje nokon kunne tenke seg å invitere på
besøk.:)

Kunne de ha tatt med dette til forsamlingane dykkar? Som sagt – det går
bra at dei er på Høgtun i feriane – vi finn praktiske løysingar. Men ei
løysing med «fadderfamilie» kunne kanskje gjort feriane til høgdepunkt
for dei.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *