Arbeid for framtida

”Det kristne barne- og ungdomsarbeidet er kanskje det einaste håp om frelse tusenvis av norske born har”

For nokre dagar sidan fekk eg ei tekstmelding frå leiar i Vestnes VING, Annbjørg Sævareid kor det sto:

”.. skulle gjere hatt ein forkynnar til et svært viktig møte på bedehuset. Tilhøyrarane er framtidige bønder, politi, sjukepleiarar, lærarar, revisorar, forkynnarar m.m. Håper du kan besøke oss på VING…”

Ei flott melding som fekk meg til å tenkje på noko som ein av veteranane våre, Ottar Remen (som grunnla mange yngreslag i tiåra etter krigen) sa ein gong. Når han tala til i borna yngreslaga såg han på dei som framtidige mødre, fedre, besteforeldre, o.s.v.

Kunne ein av dei møte Jesus gjennom yngresarbeidet ville det få store ringverknader gjennom mange tiår framover og evangeliet kunne nå til mange menneske gjennom den eine.

Det er for tida sterkt fokus på trusformidling i heimane i ImF, noko som er særs bra og verdifullt. Det viser seg at dei fleste som er kristen som vaksne hadde foreldre som lærte dei om Jesus.

Samstundes veks det opp tusenvis av born i dag som aldri høyrer om Jesus heime. For dei er det kristne barne- og ungdomsarbeidet kanskje deira einaste von om frelse. I 1990 hadde vi over 90 barne- og ungdomslag i dei to krinsane som no er ein. I dag har vi under 20.

Hovudsaka er ikkje mangel på born men mangel på leiarar. Kollega Hans Orset i Nordmøre Søndagsskulekrins tek dette opp på side 4 i dette nummer av Indremisjonsnytt. Særleg etterlyser han menn i barne- og ungdomsarbeidet.

Når mange born i vår krins ikkje høyrer om Jesus heime og ikkje har tilbod om eit kristent lagsarbeid, kor stort håp har dei da for å verta frelste?

Eg vil rette ein særskilt takk til alle dykk som år etter år står med som leiarar i barne- og ungdomslaga våre og som er med som leiarar på leir.

”Kast brødet ditt bortover vatnet for med tida skal du finna det att” Fork. 11,1

Arild Ove Halås krinsleiar Nordmøre og Romsdal Indremisjon

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *