Vellukke Haustmesse på Visthus
Godt med folk, høge prisar for gode varer, høg stemning og godt økonomisk resultat. Slik kan vi oppsummere årets Haustmesse på Visthus.
Opptelling mandag 26. september viser et totalresultat på 68600,- (en av tidenes beste Haustmesser).
Det er tradisjon at den siste søndagen i september samlast vi til Haustmesse på Visthus. Dette er eit av de mest særprega samlingane NRI arrangerer i løpet av året.
Det var godt med folk (rundt 80 menneske) som var tilstades i år. Samlinga begynte presis kl. 1200 med andaktsstund med Roald Evensen og Paul Tore Garvo fra ImF som var i krinsen denne uka for å ha møter for Finnmarksarbeidet i ImF.
Så var det auksjon. Leiar i driftsstyret Ole Harald Sekkeseter er ein dreven og dyktig auksjonarius som får varene unna til gode priser. Vilja til å by var høg. Det vart selt blåbær, annanas, kiwi, bananer, klippfisk, gullerot, røyka laks, lefse, saft, syltetøy, havrekjeks og mykje meir. Alt var gjeve som gåve. Vi må likevel nevne all fisken som Kjell Hatlen også i år hadde fiska, røykt og pakka. Tallause pakkar med røykt huse, torsk, kolkjeft m.m. vart seld til gode prisar.
Det var også tid til tre åreomgangar, samt at borna hadde ein eigen åreomgang i møtesalen i kjellaren på internatbygget. Det var også fiskedam for dei minste.
Det vart seld rømmegraut, smørbrød, pølse m/brød samt kaffe og kaker i rikeleg mål.
Kl. 1500 var det ettermiddagsmøte med Evensen og Garvo, før messa vart avslutta med trekning av basarbøkene som har vore i salg nokre veker.
Totalt kom det inn kr. 68 600,- i løpet av dei 4 timane Haustmessa varte. Det er eit av dei beste resultata vi har hatt.
Stor takk til alle som bidrog med gevinstar, både firma og enkeltpersonar – og til alle som kom og var med og handla.
Vi gler oss allereie til neste års Haustmesse.
(klikk på bilda for gallerifunksjon):
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!