Krinsmøte i strålande sommarver

NRI-koret deltok med song gjennom heile helga til stor glede for tilhøyrarane.

NRI-koret deltok med song gjennom heile helga til stor glede for tilhøyrarane.

Krinsmøtet til NRI på Høgtun Folkehøgskule 7.-8. juni fekk den beste ramme som tenkast kan. Torvikbukt låg bada i sol heile helga, og vi vart godt teke imot på Høgtun.

Sjølv om det var langhelg/pinsehelg var det mykje folk som deltok på årets storsamling for indremisjonen, og for mange av oss vart det ei helg som gav inspirasjon til vidare arbeid for Guds rike.

I år var det generalsekretær Erik Furnes som var hovudtalar. Han fekk gje oss mykje gjennom sin forkynning. Blant anna nemner vi pinsepreika søndag føremiddag med sterkt og klårt fokus på kva profetisk tale og profetisk teneste er i vår tid.

Sångkrefter dette året var Mette og Roger Sørensen frå Flekkerøya. Dei fekk gje oss mykje godt gjennom frisk og god song og klåre vitnemål. Dei tok også på seg å vera forsongarer under alle møte, noko vi er svært takksame for.

Vårt eige NRI-kor under leiing av Audun Sæbø syng berre betre og betre og var med og løfta helga med songen sin. Det er rom for fleire songarar i koret, som normalt samlast 4 gonger pr. år.

Borna hadde eige opplegg saman med Team Sulebakk. Som vanleg var det song, glede og klårt fokus på Jesus i barnas krinsmøte. Vi hadde leigd inn den nye hoppe-puta til søndagsskulen som vart mykje bruka i det fine veret. Søndag var det borna som hadde det meste av programmet på ”Generasjonsfesta” saman med Sulebakk-gjengen.

Frammøtet var litt lågare enn dei siste åra, vi trur mykje av grunnen til det skyldes at det var ”langhelg” og også mange andre ting som skjedde på fyrste pinsedag. Vi er likevel godt nøgd med frammøtet, men det undrar oss litt at så mange let ei slik inspirerande storsamling gå seg forbi.

Tala er slik:  Bibeltimen laurdag 135, 90 utsendingar til forhandlingsmøtet, 180 på misjonsfesta laurdag kveld, 100 på songsamlinga laurdag kveld, 160 på søndag føremiddag og 160 på generasjonsfesta søndag ettermiddag.

På forhandlingsmøtet laurdag var det særlig den økonomiske situasjonen til krinsen som var i fokus. Opplegget med gruppesamtaler fungerte sers godt og krinsstyret fekk mange tilbakemeldingar om vegen vidare. Årsmøtet ga eit klårt signal om at bemanninga ikkje skal reduserast meir og at det skal satsas vidare. Svara på korleis dei økonomiske utfordringane skal møtast var noko meir uklåre. Laurdag kveld fekk vi 6 nye faste gjevarar.

Det nye krinsstyret består av Marit Røykenes Dahle (Skåla), Audun Sæbø (Tingvoll/Aspøya), Sigbjørn Sørli (Måndalen), Terje Henden (Averøya), Unni Clausen Stenberg (Averøya -attvald), Kjell Bjarte Aarsund (Molde – attvald) og Leif Harberg (Kristiansund – ny). Asbjørn Ræstad Midsund er 1. vara og Olav Jan Bø Demdal (Innfjorden) er 2. vara.

I gåver og offer kom det inn vel 75 000,-.

2 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *