Vårfest på Åfarnes

Sandnes bedehus var fylt nesten til siste plass. Foto: Knut Steinar Dahle

Sandnes bedehus var fylt nesten til siste plass. Foto: Knut Steinar Dahle

For 6. år på rad vart det laga til «vårfest» på Sandnes bedehus.

Sandnes bedehus ligg på Holmemstranda like ved Åfarnes. Den lokale indremisjonsforeninga har gjort det til ein årviss tradisjon å invitere dei andre bedehusforsamlingane i Rauma til denne festa. Og vertane får svar på invitasjonane som vert sende ut. Rundt 80 menneske frå heile Rauma fylte bedehuset når festa tok til.

Leiar i Holmemstranda Indremisjon, Nils Valde ønska velkomen i nydeleg vårver. Solemdal Misjonskor har vore med på alle dei 6 festane som har vore. Eigentleg er det 7 festar, men den eine var på hausten så den vert ikkje rekna med, men koret var med den gongen også. Under sin dirigent Erling Neerland framførte dei mange flotte songar, og avslutta det heile med å syngje «Fader Vår» til forsamlinga.

Krinsleiar Arild Ove Halås har fått vore talar på dei 4 siste vårfestane. Han tala om å vere menneskefiskarar, på Jesu tid og i dag.

Som vanleg på desse festane var det eit overdådig matbord med både smørbrød og kaker.

Takk til venene på Holmemstranda for ein flott kveld!

Klikk på biletet for større versjon:

IMG_8269

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *