www.experitur.no
Vi treng i langt større grad enn i dag å tene pengar på «verdas torg» – for å ha midlar til å styrke og utvide misjonsarbeidet vårt.
Først i februar kunne vi endeleg presentere ei heilt ny heimeside for Frænabu på internett. Adressa er www.frænabu.no eller www.experitur.no . Vi er svært nøgd med denne sida, og i løpet av mars kjem ei liknande side for Visthus (www.visthus.no).
I mange år har NRI slite tungt økonomisk, og det er lite som tyder på at denne trenden utan vidare vil snu. Vi har skåre kraftig ned på bemanninga vår. Det er ei stor økonomisk utfordring å drifte to leirstadar. I løpet av 2013 har vi difor arbeid mykje med å sjå på korleis vi kan auke innteninga på Visthus og Frænabu. Vi treng to leirstadar som har ei sunnare økonomisk drift enn det som har vore tilfellet dei siste åra.
Vi har i det høve vald å selje leirstadane våre (no først Frænabu) ved å sette fokus på den flotte naturen vi har og dei mange opplevingane det kan gje gjestane våre gode opplevingar. Vårt nye motto for Frænabu og Visthus er difor foreslått til ”gode opplevingar – gode minner”.
Vi trur at ein av nyklane til fleire kundar/gjestar er internett, difor har vi fått utarbeid nye heimesider. Desse sidene er først og fremst laga til bruk i maknadsføringa. Det kristne perspektivet vil difor vera meir i bakgrunnen her enn på krinsen sine heimesider www.nri-imf.no . Det betyr ikkje at vi skjuler, skjemmes eller held attende at vi er ein kristen organisasjon og at vi har to stadar som er reist til Guds ære. Men vi set her fokus først og fremst på å skaffe oss kundar/gjestar.
Vi trur dette er rett, for vi treng fleire gjestar både på Visthus og Frænabu. Vi treng også fleire gjestar som vil betale meir og som gjer oss ei større inntening enn i dag. Vi treng kort sagt å tene meir pengar på ”verdslege” ting (turar, selskap, kurs m.m.) for å tilføre økonomiske midlar til misjonsarbeidet. Vårt kall er ikkje å vere tur eller selskapsarrangør, vårt kall er å fortelje vidare historia om Jesus. Skal vi lukkast med det i åra som kjem må vi auke inntektene våre, blant anna gjennom ”verdslege” ting.
Dette betyr også at prisane på leirstadane våre vert justert noko opp. Dei har i fleire år vore for låge. Det vert ikkje noko dramatisk prishopp, men også misjonsfolket må vere villig å betale meir for mat og opphald enn tidlegare. Vi må ha ei drift som ber seg økonomisk, også i respekt for dei som arbeider dugnad på leirstadane våre.
Lokalt vil vi bruke www.visthus.no og www.frænabu.no i marknadsføringa. Desse vil verte samla på www.experitur.no som me då kan bruke i felles marknadsføring og meir nasjonal/internasjonal marknadsføring. ExperiTur er det latinske namnet for ”opplevingar” og bringer også tanken inn på orda ekspedisjon og tur.
Som eit ledd i dette har vi også gjort ein del med bemanninga på begge leirstadane våre, det kjem vi attende til i neste nummer av Indremisjonsnytt.
Vi vonar, bed og trur at dette vil lukkast for oss. Da kan Visthus og Frænabu også vere ein økonomisk søyle i misjonsdrifta vår. Vi trur også at nokre av dei som kjem til oss kun for å oppleve natur og turar, kan få møte noko og nokon på Visthus/Frænabu som minner dei om det som har med Gud og æva å gjere.
Arild Ove Halås
ao.halaas@imf.no
Eg trur nok dette er rette vegen framover , at me må betale det tilboda kostar.
Dugnaden går bra – men me må få med fleire under 70 år, difor er barneopplegga viktige.
Alle nye tilbygg/opprustningar kostar driftsmessig – dette må me vere villige til å drifte,slik at ikkje styret og tilsette stort sett arbeider med økonomien.
Ks