Høgtun på tur til Oppdal
Elever og lærere ved Høgtun har vært på tur til Vangslia på Oppdal.
Med kunstsnø i bakken, kulderoser på kinna og smil om munnen, har Høgtunelevane fått utfordra sine skikunster gjennom 5 dagar på Oppdal. I fleire år har Høgtun Folkehøgskule reist med heile skulen til Vangslia i Oppdal, ei av dei første vekene i januar.
I løpet av dagane blir låra meir og meir slitne, medan skigleden berre aukar i takt med betra ferdigheiter. Kvar dag startar med 2 timar skiinstruksjon med proffe instruktørar – som alle er tidlegare Høgtunelevar.
Elevane bur i grupper i eigne leiligheiter, og handlar og lagar mat på eigenhand. God trening også det, meiner internatleiar Inger Lise Kvernberg, som også fungerer som huslege. Ein av kveldane reiser alle bort til IMI-stølen og har fellesaften med mat og program. I år var det Trondheims-student og tidlegare elev Tor Einar Hovde som hadde kveldsord – og som minna elevane om å utfordre seg sjølv – ikkje berre på ski og fysisk – men også i forhold til trusspørsmål.
Det vart fine dagar på alle måtar. Fellesskapet vart styrka. Svingteknikkane vart forbetra. Føret var godt og sikten fin. No venter mange på meir snø i fjellet, slik ein også får prøve ut ferdigheitene på toppturar. I mellomtida får ein gå på skøyter på Torvikvatnet.
Idar Remmereit
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!