Vær frimodig og sterk

nri-lederNoreg i dag treng at vi som kristne står på murane for dei evige sanningar som er openberra for oss i Bibelen, men som det store fleirtalet av folket vårt ikkje vil høyre.

I forrige veke vart det arrangert ein konferanse i Oslo kor «Evangelisk Luthersk Nettverk»  (ELN) satte fokus på korleis bibeltru kristendom framleis kan vera ei tydeleg røyst i det offentlege rom. ELN er eit tverkyrkjeleg nettverk kor mellom anna ImF og vår generalsekretær er med. Du kan lesa meir om denne viktige konferansen på www.sambandet.no

 

Nyleg kom Bispemøtet i Den Norske Kyrkja (DNK) med si innstilling om homofilt samliv. Eg har uttrykt takksemd til vår eigen biskop Ingeborg Midttømme for at ho vågar å være mellom mindretalsbiskopane – sjå  www.nri-imf.no . Samstundes er eg uroa over at alle landets 12 biskopar meinar at til dømes homofilispørsmålet ikkje er kyrkjesplittande, stikk i strid med Guds eige ord.

 

Bibelen løfter fram for oss mange viktige lærepunkt. Nokre kan vi som kristne sjå ulikt på og framleis vera eit i Kristus. Dette gjeld til dømes spørsmål om dåpen, tenestedeling mm.

 

Andre lærepunkt vert av Bibelen sjølv gjort til spørsmål om frelse/fortaping.  Her  gjev ikkje Guds ord opning for at den kristne kyrkja kan leve med ulike syn side om side. Dette gjeld  til dømes spørsmålet om Jesus døyde for verdas synd, om han sto oppatt frå dei døde, om den treeinige Gud og nokre samlivsetiske spørsmål som i Bibelen vert direkte knytt til frelse/fortaping.

 

Så er det lett for oss å tale om kor skuffa me er over utviklinga i DNK. Samstundes må vi erkjenna at sviket i desse spørsmåla også når inn  bedehusmiljøa våre. Rett nok er det vel ingen i våre bedehus som ikkje held fast på kva Guds ord seier i desse spørsmåla, sviket vårt ligg i at vi ikkje vågar/vil  kjempa offentleg for desse evige sanningane i Guds ord.

 

Dette er til dømes første gong på 3 år at eg skriv ein leiar om denne typen spørsmål. Etter den såkalla «prestestriden» for 4 år sidan fekk eg nokså mange tilbakemeldingar om at eg og NRI ikkje trong å fronte slike spørsmål, fordi det skaper så mykje ubehag og uro.

 

Eg har stort sett halde meg til dette dei tre siste åra, og er redd for at eg difor til en viss grad har  svikta den oppgåve NRI har gjeve meg om å utøve det åndelege hyrdeansvaret i krinsen vår. 

 

Er kampen for Guds ord noko vi som bedehusfolk kan fråskrive oss og overlate til generalsekretærane, eller har vi eit ansvar i kraft av det almenne prestedømet?

 

Det er ei stor trøytheit mellom det bibeltru kristenfolket om desse spørsmåla. Homofilispørsmålet er eit av mange «testspørsmål», men er det som alltid vert drege fram. Både eg og mange andre er slitne av alltid og verte kopla opp til dette spørsmålet. Samstundes er det akkurat her kampen om Bibelen står i vår tid.

 

Det er eit paradoks at vi i Norge stort sett teier i den offentlege debatten av frykt for at det skal skrivast noko negativt om oss i lokalavisa. Samstundes går kristne verda over dagleg både i fengsel og i døden fordi dei frimodig talar som Guds ord i dei same spørsmåla.

 

Som generalsekretær i NORMISJON, Rolf Kjøde sa det ved innleiinga til konferansen «Vær frimodig og sterkt»:  Den klassiske, evangeliske tro er ikke periferi, men sentrum i den verdensvide kirken

 

 

 

Arild Ove Halås

krinsleiar Nordmøre og Romsdal Indremisjon

ao.halaas@imf.no

 

2 replies
  1. Oddvar Nyheim
    Oddvar Nyheim says:

    «Med Guds (heile) Ord til folket.» Dette var klar tale, noko vi treng i dag. Det forundra meg ofte kor få som komenterar, det som blir skreve her. Eller kansje det er få som er inne på nri-imf.? For tida er det
    lite forkynnelse på våre bedehus, vi lever i ei farleg tid, ei verdsleg og sløvhetens ånd har sneke seg inn.
    Vi treng eit varsku, vakna opp! Skal vi endå ein gang få oppleva vekkelse over landet vårt? – då må Guds Ord forkynnast, høyrast og tatt imot.

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *