Ny god Hausmesse på Visthus

http://bildegalleri.nri-imf.no/#110

Hausmessa 2012 er historie – og driftsstyret er godt nøgde.

(klikk «play» på biletet – og så på den lille firkanten nede til venstre så får du store bilete med tekst)

Frammøtet i år var godt og både peisestua og matsalen var omtrent fullsett. Det var likevel ikkje så mange tilstades i år som i fjor.

Jan Inge Nasvik kunne ynskje folket velkommen før han heldt ein opningsandakt.

Deretter gjekk det slag i slag med åresal, loddsal og ikkje minst auksjon av ymse markens grøde, fiks, syltetøy m.m. Ein opplagd Kåre Eikrem var også dette året auksjonarius.

I forkant av kvar Haustmessa har særleg ekteparet Kjellrunn og Kjell Hatlen lagt ned eit stort arbeid. Det er i hovudsak dei to som står for det meste av det som vert seld på auksjonen. Stor takk til Kjellrunn og Kjell.

Det var eigen åreomgang for barna, og sal av rømmegraut, kaker, kaffe m.m. gjekk unna heile dagen.

Kl. 1500 var det samlingsstund kor forkynnar i ImF Andreas Evensen heldt andakt.

I år kom det inn vel 50 000,- totalt på messa. Dette er eit godt resualtat som vi er godt nøgde med, men litt under rekordåret i fjor då det kom inn nærare 60 000,-.

Takk til alle som møtte opp og støtta leirstaden vår!

(foto: Jan Inge Nasvik)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *