Vellukka Krinsmøte

Generalsekretær Erik Furnes sammen med tenåringene under kretsmøtet lørdag kveld

Vi har lagt bak oss ei flott krinsmøtehelg. Det er mykje å vera takksam for. Her kan du lese krinsleiarens tankar etter helga.

Takksemd etter eit krinsmøte

 Det er med stor takksemd vi ser attende på krinsmøtehelga på Høgtun 4.-5. juni.

 Takk til alle dei som la ned eit stort arbeid samband med krinsmøtehelga. Dei tilsette i krinsen gjorde ein formidabel innsats, og mange brukte mykje av fritida si til å være med å gje ei hjelpande hand. Det er svært mange ting som skal gjerast og gå i hop for at ei slik helg skal verte vellukka, og i år klaffa det over heile linja. Ein stor takk til Høgtun for gjestfridom på alle måtar. Det er ekstra kjekt at så mange av personalet på skulen deltek på krinsmøtet.

Frammøtet i år var godt. Vi var 140 på bibeltimen laurdag og vel 250 menneske på misjonsfesta.  På ”Han er min song og mi gleda” var vi 160. Søndag var det 250 på storsamlinga og 160 på generasjonsfesta. Dette er gledelege tal, og det var kjekt å sjå en fullsett festsal på Høgtun. Det er godt å vere mange nokre gongar når vi samlas i den kristne forsamlinga. Takk til kvar einskild som kom og gjorde helga til ei fest.

Å sjå koret med over 40 born syngje på Generasjonsfesta og det myldrande livet av leikande born på tunet gjev håp for framtida..

Samstundes er det med ei viss undring eg ser at fleire bygder med eit aktivt indremisjonsarbeid ikkje er representert korkje på forhandlingsmøtet eller på dei andre møta. Nokre av dei som elles meiner mest om kva indremisjonen skal meine og gjera deltek heller ikkje på årets viktigaste samling. Vi har framleis eit stykke å gå for å få  ein enno betre ”årsmøtekultur” i krinsen vår, men vi er på god veg.

Gjestane våre fekk gje oss mykje gjennom songen og forkynninga. Gud var oss nær og møtte oss igjennom ordet sitt. Ein særleg takk til generalsekretær Erik Furnes som var talar i helga.

Eg vonar krinsmøtet ga inspirasjon til vidare teneste for Jesus i heim, forsamling og i det viktige arbeidet Indremisjonsforbundet står i.

Arild Ove Halås

krinsleiar Nordmøre og Romsdal Indremisjon

ao.halaas@imf.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *