Harøy Indremisjon – 100 år

Styret i Harøy Indremisjon foran Harøy bedehus - leder Jorunn Finnøy nr. to fra venstre

Styret i Harøy Indremisjon foran Harøy bedehus – leder Jorunn Finnøy nr. to fra venstre

Søndag 16. oktober var det jubileumsfest i Harøy bedehus. Det var 100 år siden indremisjonsforeninga ble stiftet.

Tekst og foto: Svein Ove Søholt

Ein liten flokk, eller…?
Det var Brynhild Finnøy som stilte spørsmålet i eit nyskrive dikt som ho las heilt i byrjinga av jubileumsfesten. Jubileet foregikk på Harøy Bedehus søndag ettermiddag der om lag 40 deltok på festen.

Jubileet var enkelt og stilfullt. Nystrøkne dukar under salmebok, talglys og utdelte kaffikoppar og asjettar. Bak i kråa ved kjøkkenet eit langbord fullsatt med kjente bløtkaker av alle slag.
Vi følte oss velkomne lenge før leiaren i misjonen, Jorunn Finnøy, ønskte alle velkomne.
Programmet fortsatte med flott song og musikk av Gudrun Longva og Hilde Gjengedal, begge frå Brattvåg. Gudrun Longva var den som også heldt andakta for møtet. Damene er frilansere som underhaldarar, men reiser mest rundt for Sunnmøre indremisjon.
Etter meir song var det kaffipause. Ikkje godt å velje mellom alle godsakene, men tipset om at Brynhild si bløtkake og Ragnhild si krokankake var gode vart prøvd. Kakene nærast smelta i munnen over den varme kaffien.

Stabilt medlemstal.
Utanfor blir kanskje bedehusfolket sett på som gamaldagse. Kanskje det, men dei som nyttar bedehuset ser det ikkje slik. Dei ser på huset som ein stad der dei kan oppleve samhaldet og fornying av si tru.
I dag er medlemstalet om lag 20, slik som ved starten i 1916. Når vi ser meg rundt er gjennomsnittsalderen høg. Anne Berit Harnes som er med i styret, innrømmer at det er ei utfordring å skaffe nye medlemmar. Mange er redde for at dei då, nesten med ein gong, blir innvald i styret for indremisjonen eller i husstyret. Likevel er flokken stabil. Nokon fell frå og nokon kjem til. Det foregår ei stille evangelisering med gode haldningar. Bedehuset er ein stabil og forutsigbar stad og møtast.

Attersyn.
I attersynet som Jorunn Finnøy hadde skrive, fekk vi ei god og fyldig forteljing om livet i Harøy Indremisjon sitt hundreårige liv. Her eit lite utdrag:
Den 17.november 1916 vart Harøy indremisjon stifta på gamle «Vonheim» med 21 medlemmar.
Det var vekkjing og åndelege brytningar som gav støtet til å stifte foreininga.
Det første styret var: Formann Magnus Sandøy, nestmann Peder Husøy, kasserar Olga Huse og skrivarar Emma Marøy og Elisabeth Huse.
Føremålet med denne foreininga var først og fremst «å vekkja og nøra sant kristeleg liv» som det står i paragraf 1 i foreininga sine lovar.
Dei første møta vart halde rundt om i heimane, men i 1919 kom husspørsmålet opp. Det var ikkje så greit den tida, folk hadde lite pengar. Dei fekk kjøpekontrakt fra A/S Brenntorv i 1920. Dette var ei arbeidsbrakke, og den 3. januar 1921 vart lovene for huset vedtekne. I mai same året vart huset innvigd med fest. Huset fekk namnet «Betania». I dag er namnet endra til Harøy Bedehus.

Tomta som bedehuset står på var ikkje i orden frå starten av. Først på eit styremøte i 1927 vart tinglysinga for tomta handsama, men formannen kunne ikkje på eige ansvar ta noko avgjerd, då han syntest den var dyr. Heile kr. 1,20 var prisen. I eit styremøte seinare på året vart det innkjøpt 50 par koppar, så det var kaffi og kaker på den tida også, konstaterte Jorunn Finnøy. Gardiner vert like vel ikkje innkjøpt grunna pengemangel. Spørsmål om kjøp av bedehustomta måtte ha vore tatt opp fleire gongar. Først i 1944 fekk misjonen skjøte på grunnen. Fram til i dag har bedehuset vore påbygd og restaurert fleire gongar. I dag har vi eit fint og teneleg hus, fortalde ho i sitt attersyn.

Opp gjennom desse 100 åra har det vore ulik aktivitet i regi av Harøy indremisjon.
Bedehuset sitt musikklag var aktivt i 50, 60 og 70-åra. Søndagsskulen har vore drive i alle år og er framleis i drift sjølv om den ikkje har fått starta opp att no i haust.
Tidlegare var det ofte vekking og det kom med mange unge. Som ein følgje av det vart Ungdomslaget «Vårblomen» stifta 27. desember 1933. Yngresarbeidet vart starta i kyrkjekjellaren den 3.januar 1943. Seinare fekk barnearbeidet behov for anna opplegg. Det vart kalla Ving. I 1987 vart Ving gutteklubb starta opp. På grunn av leiarmangel måtte Ving slåast saman med barneforeininga Lysglimt.
Det har vore halde småmøte fast kvar veke i mange år, men frå slutten av 90-talet vart frammøtet lite og møta opphørte etter kvart. I dei seinare åra har det vore Bibelgruppe fast kvar 14. dag på bedehuset.
Møteveker med besøk frå ulike misjonsorganisasjonar har vore halde fram til tidleg på 2000-talet. No er det her som dei fleste andre stader, enkeltmøter. Endring i tida har gjort at det er blitt slik.
I dag feirer vi 100 år for Harøy Indremisjon. Ingen veit korleis framtida vil bli. Vi håper at bedehuset framleis vert nytta der folk kan kome saman om Guds ord, var sluttorda i det interessante attersynet.

Ein liten flokk, eller….? av Brynhild Finnøy.

Så er flokken samla
ikkje så veldig stor
på ei lita øy
i eit land mot nord.
Samlast for å dela
helsa på med smil
kjenna vennevarmen
vita at ein er til.
Dela glede, smerte
lytta til Guds ord
merka ein er ønska
på den plass ein bor.

Tanken vandrar lengre
mange flokkar små
i dalar, byar, grender
kan vårt auge sjå.
No fyllest heile jorda
av flokkar små og store
dei trur på Herrens løfte
det dei fekk i Ordet.
Dei ønsker gå på vegen
som fram mot målet fører
når tvil og vantru trugar
dei ber, dei går, dei hører.

No er ei flokken liten
ja, millionar visst det er
dei stemner fram med
lovsong
dei priser Herren kjær.
Snart skal dei alle syngja
i himlens lovsongkor
der gleda utan ende er
og flokken himmelstor!

Tekst og foto:

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *