Tankar kring allehelgens-dag
Tidlegare krinsleiar i NRI, Kåre Eikrem har i høve allehelgens-dag skrive nokre tankar om misjonsvener som har gått bort dei siste månadene.
Gode minner og Andens frukter
I samband med Allehelgenssøndag kom det nokre gode minne i tankane mine, blanda med gode Andens frukter. Tankane var knytta til truande vener som i den seinare tid har flytta heim til Herren, men som har betydd mykje for meg – og mange, mange andre, trur eg. Guds ord seier (Gal. 5,22): «Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin – . «
Helge Kjøll var frå Eide på Nordmøre, men kom som nybakt lærar til Gossen i 1957 og gjekk direkte inn i den store vekkinga der på den tida. Han var leiaren med songen og musikken som reiskap. Herren fekk ta i bruk den rike utrustninga hans og gjera det til ei nådegåve for seg. Han song og spela åleine, men Gossen Misjonskor vart hovedinstrumentet for han i mange, mange år. Vi er mange som fekk eta god åndeleg mat gjennom Helge som fruktberar. Kva dette har gjeva oss, og spesielt folket på Gossen, er umåleleg og viktig.
Helga Valved var frå Innfjorden. I si aktive arbeidstid var ho knytta til Hellandheimen på Vestnes. Her fekk ho i sin kvardag òg dela dei viktige ordet om Jesus. Helga var i si fritid knytta til bedehuset og indremisjonsarbeidet. I fleire år var ho med i kretsstyret. Vi møtte henne òg som ei bønekvinne, der bøna for bygdefolket og land og folk, og misjonen si sak både heime og ute. Gode minner og Andens frukter.
Åse og Peder Nærbø hadde heimen sin i nærleiken av bedehuset Betania på Gossen. Peder var gossing, og Åse kom utasunds ifrå. Når dei var i stand til det, og det var møte i bedehuset, så kunne vi rekna med å møte dei der. Dei var aktivt med i ulike oppgåver knytta til indremisjonen. Ein gong eg var hos dei, fekk eg etter eige ynskje servert ekte utasunds blandaball. Eit herleg måltid som sette seg fast i minnekransen! Det er ikkje vanskeleg å finna Andens frukt i dei kristne heimane.
Vi ber om Guds rike signing over dei gode minna og dei rike Andens frukter vi har fått del i gjennom dei truande som har flytta heim. Det er som eg høyrer ropet frå dei: Kom, bli med du òg! Bøn: Velsign oss òg til å bera Anden sine gode frukter.
«Eg er ein gjest i verda. På reis som framand her. Den trøyst eg har på ferda: Min heim himlen er. Langt bort om tidsens strand Der strålar livsens land. Eg er ein gjest i verda, Min heim i himlen er.»
Kåre Eikrem
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!