Inspirerende Haustmøte i Molde

Takk til Molde Pre Soul Children for eit fantastisk besøk

Takk til Molde Pre Soul Children for eit fantastisk besøk

Det var mest ikkje ledige stolar i Molde bedehus på årets Haustmøte-søndag.

Den årlege ”Haustmøte-søndagen” i Molde bedehus vart ein dag som gav ny inspirasjon til vidare misjonsarbeid for mange av oss.

Det er ein gamal tradisjon at misjonsfolket samlar seg i Molde til Haustmøte når alt av grøde var hausta inn i oktober. Tidlegare starta møtet torsdag og varte til søndag, men dei seinare åra har vi funne det mest hensiktsmessig å samle møtet til ein dag. Det har gjeve oss langt større oppmøte og ikkje minst ein langt lågare gjennomsnittsalder. Haustmøtet er no vorte ein samlingsplass for alle aldersgrupper, slik det skal vere når Guds folk samlast til storsamling.

Vi er takksame for alle som kom både frå byen og frå dei fleste av bygdene rundt om i krinsen vår.

Molde Indremisjon er ein god medarbeidar og samarbeidspartnar for Haustmøtet. Deira folk stiller opp og gjer det meste av det praktiske arbeidet, noko vi er sers takksame for. Matkomite, pianist, forsongargruppe, opplegg for borna, vaktmesterteneste med meir. Rundt 30 personar er i sving frå Molde Indremisjon for at krinsen skal kunne arrangere sitt Haustmøte i Molde bedehus. Det er godt å kunne samarbeid på ein slik måte.

Bedehuset var fullsett når vi byrja med Storsamling kl. 1200. Det var mellom 180 – 200 personar i salen. Vi hadde besøk av Molde Pre Soul Children som gledde oss med frisk og god song, dans og mykje Jesus-glede. Også vårt eige NRI-kor deltok med song. Borna gjekk så til sine tre grupper, Søndagsskule, Tårn-agentklubb og ”Truth seekers”.

Årets hovudtalar var personalleiar i Indremisjonsforbundet Aud Karin Kjølvik Ringvoll. Ho understreka i talen sin på Storsamlinga at å vere ein kristen er ikkje ein prestasjon, men ein posisjon. Vi er plasserte i Kristus Jesus.

Etter storsamlinga vart det servert middag med kaffe og kaker, godt ivaretatt av Molde Indremisjon sin matkomite.

Medan om lag 35 born gjekk dei hundre metrane frå bedehuset til Barnas leikeland samle vel 100 vaksen seg til seminar om ”Eg, Gud og mine medmenneske”. Aud Karin fekk på ein flott måte peike på at vi er verdifulle for Gud og våre medmenneske og difor skal vi også sjå vår eigen verdi som menneske og Guds skapningar. Under seminaret fekk vi også ein ”mini-konsert” med NRI-koret.

I kollektar og gåver kom det inn vel 42 000,- på dei to samlingane.

Under Haustmøte vart det også informert om NRI sin nye ordning med at du kan gje di gåve til misjonen berre ved å sende ei tekstmelding. Du kan sende kodeord NRI til nummer 26026 og så gje di gåve på den måten. Meir om dette ein annan stad på www.nri-imf.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *