Rekordmesse på Visthus
Trass regn i strie straumer vart årets Haustmesse på Visthus tidens beste.
Folk strøymde til frå fjern og nær og peisestova var heilt fullsatt når leiar i driftsstyret, Ole Harald Sekkeseter kunne ønske velkommen til Visthus kl. 1200. Det seig på stadig fleire, og det var nokon som måtte finna seg plass i matsalen.
Regnet og det dårlege veret gjorde nok at det var litt mindre born og småbornsfamiliar enn vanleg, men det var likevel mange også av dei yngste på årets Haustmesse. Borna hadde mellom anna ein eigen åreomgang i møtesalen i kjellaren på Internatet.
Det vart seld 3 åreomgangar i løpet av dagen samt at det vart seld lodd på bøker. Desse vart trekt mot slutten av dagen.
Litt før klokka 1300 vart rømmegrautsalet opna. Her var også høve å kjøpe karbonadesmørbrød, pølse og brød med meir. Seinare på dagen var det sal av kaffe og kaker.
Auksjonen er høgdepunktet på Haustmessa. Årets auksjonarius Nils Valde kunne konstatere at han sto framføre ei kjøpesterk forsamling. Kjell Hatlen hadde også i år fiska og tilberedt mykje god fisk. Sal av hyse, lysing og torsk gjekk unna til gode priser. Mange hadde med seg ting til auksjonen, og poteter, gulrøtter og kålrot vart seld i små og store sekkar. Ellers var det nøtter frå Sekken, hjortekjøttdeig, ripsgele, lefse, solbærsyltetøy, kjeks og enda meir som vart seld. Boda satt laust og pengane fekk bein å gå på.
Nils Martin Brusdal deltok med song på ettermiddagsmøtet kor krinsleiar Arild Ove Halås heldt andakt.
Ein fin messedag vart avslutta litt over kl. 1700.
Totalt kom det inn godt og vel 70 000,- noko som er ny rekord. Vi gler oss allereide til neste år, siste laurdagen i september.
Stor takk til driftsstyret for Visthus for innsatsen dei legg ned også med Haustmessa. Takk og til alle som kom og til alle som hadde med seg gevinstar.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!