Familieleir på Frænabu

Bildøy-gjengen sitt lag under sporløpet bar navnet "slaver under Morten Torsvik", hva som ellers skjer her er vi ellers noe usikre på...

Bildøy-gjengen sitt lag under sporløpet bar navnet «slaver under Morten Torsvik», hva som ellers skjer her er vi ellers noe usikre på…

I følge rapportene ble det tidenes beste Familieleir på Frænabu siste helga i januar.

Helga 24.-26. januar vart ei minnerik helg for dei 92 personane som deltok på familieleir på Frænabu. Det var god stemning og godt humør gjennom heile leiren, og ikkje minst hadde vi med oss mange gode formidlarar som fekk peike på Jesus for oss.

Morten Torsvik, lærar ved Bildøy Bibelskule, hadde med seg ei turnegruppe på ti elevar frå skulen. Desse deltok med song, musikk, barnepass og mange flotte vitnemål om livet med Jesus. Morten hadde bibelundervisning for oss, og han peika på kor viktig det er å formidle tru i heimane våre. Mykje nyttig og inspirerande undervisning. Vi er svært takksame for at både Morten og elevane var med oss denne helga. Dei fekk gje oss utruleg mykje!

I tillegg hadde vi med oss familien Sæbø. Dei hadde ansvar for bibelundervisning for barna. Gjennom dukketeater og teater, fekk vi med oss både historia om Elia og likninga om den barmhjertige samaritan. Takk også til familien Sæbø for flott formidling!

Mange andre aktivitetar høyrer også med på leir. Sporløpet på laurdag skapte stor engasjement. Både små og store fekk mykje å bryne seg på. Her skulle ein mellom anna poppe popkorn, ta lagbilete, svare på spørsmål og måle lommerusk. Det var ingenting å sei på innsatsen til nokon av laga. Etter eit par timar ute, var det godt å kome inn til varme bollar, kaffi og kiosk!

So var det klart for den store leirfesten. Sveinung Henden leia oss gjennom ein time med mykje «lått og løye». Han fekk sjølvsagt god hjelp frå ivrige leirdeltakarar som kom med mange artige programpostar. Leirfesten blei avslutta med Reidun sine nydelege pizzasnurrar. Medan dei små gjekk til sengs, avslutta dei største barna dagen med lysvandring og skattejakt ute i mørket.

Kaker, kaffi og delekveld avslutta dagen for resten av oss. Det vart ein flott kveld der mange delte sine opplevingar med Jesus.

Søndag fekk vi med oss bibelundervisning for liten og stor, aktivitetar og nydeleg middag før det var klart for heimreis. Takk til alle som var med på leiren og gjorde den so flott! Og ikkje minst takk til Reidun Åndal, Randi og Emil Krakeli som gjorde ein kjempeinnsats på kjøkkenet!

Helsing leirleiarane: Solveig og Sveinung Henden, Therese Aarsund og Grete M. Heiseldal

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *