Årets siste leir
Da er leirsesongen 2013 avsluttet, men neste leir er bare en måned unna, da er det Familieleir på Frænabu. Les mer om Førjulsleiren her.
(Vi har ikke fått bildene fra leiren enda, men bruker et bilde fra samme leir i fjor, men samme leirsjef – men i fjor var det ikke snø på Frænabu i desember).
Leirsjef Ottar Schjølberg skriver følgende:
Den tradisjonsrike førjulsleiren for 6. – 8. klasse har på nytt gått av stabelen på Frenabu dette året. 44 glade, ivrige og leikne ungar var samla frå fredag til søndag. Utanfor dørene hadde vår Herre velsigna oss med eit formidabelt, kvitt og mjukt vinterlandskap som innbaud til leik og moro både laurdag og sønda.
Flott var det å sleppe kreativiteten laus og sjå ungane bygge alt frå høgtragande juletre til sengeliggande pave i snøfigurar – premiering for kreasjonane sine fekk dei alle under leirfesten.
Fast innslag på alle adventsleirane er juleverkstaden, som i år hadde fått nytt, guttevenleg innslag – Asbjørn Eriksen og Hans Kjell Hansen hadde teke med seg dreiebenk og snikkarutstyr, som dei bruka saman med ungane til å lage fine julegåver.
Det var elles fem andre aktivitetar alle var innom, med mellom anna julekule laging, og forvandling av barnematglass til vakre små lykter til å ha telys i.
Bakinga var det tradisjonen tru Borghild Sæbø og Kjellaug Løvås som stod for, og Roger Andre Haugland på kjøkkenet hadde laga ein deig som gav nydelege og akkurat passe søte, knasesprø pepparkaker.
Elles var Britt Marie og Bjørn Sandøy på gjesteopptreden, dei bidrog under hobbyaktivitetane, som alltid med eit varmt smil om munnen og lassevis av lun humor.
Den som fortalte levande og varmt om Jesus til oss frå talarstolen denne helga var Bjarte Vesetvik, ein ung forkynnar i Indremisjonsforbundet. Takk for alt du gav til små og store.
Takk også til alle som er med oss på leir i bønene sine, ei teneste som gjer ein stor forskjell for både ungane og oss som er leiarar på leirane.
Denne helga var dét Håkon Inge Græsdal, Ingunn Skartveit Folde, Saimy Marie Tornes, Liv Marit Brusdal, Ragnar Sekkeseter, Sveinung Henden og underteikna – Ottar Schjølberg.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!