Hilsen fra Høgtun

Jorunn Engdahl Storholt frå Surnadal på Snøfjellet (1579 m.o.h.)

En oppdatering om hverdagslivet ved Høgtun Folkehøgskole.

Tekst Bjarte Grøteide – Bilder Høgtun

103 elevar er godt i gang med «Det beste året». Høgtun folkehøgskole rekrutterer ungdomar frå heile landet og dei fleste fylka er representert. Høgtun har i år 13 elevar frå Møre og Romsdal.

På bildet ser vi Jorunn Engdahl Storholt frå Surnadal på Snøfjellet (1579 m.o.h.) i Innerdalen. Heile skulen var på tur til Innerdalen 3. oktober og ein god gjeng tok turen til toppen av Snøfjellet i flott ver. Tre av klassane overnatta i telt før dei besteig Innerdalstårnet dagen etter!

Helga 19. – 21. oktober var det Volleyballhelg. Elevar frå tidligare kull kom reisande frå nær og fjern. Internatleder Inger Lise Kvernberg fekk ei stor utfordring med å skaffe soveplass til 150 tilreisande. Med smidigheit og lån av soveplass på Torvikbukt skule ordna det seg flott. Volleyballhelga som vart starta av Sigmund Måseide på 80-talet har vokse seg til eit stort ungdomsarrangement på Høgtun. Samlinga i gymsalen lørdagskvelden med omtrent 250 ungdomar er eit flott høgdepunkt! Elevar heilt tilbake frå kullet 98/99 er faste gjestar.

Helga 2. – 4. november arrangerte Høgtun «Minifolkehøgskole». Tilbudet var åpent for alle, men egna seg ekstra godt for foreldre, søsken og vener av elevane. Over 70 deltakarar meldte seg – ei fin auke frå 2011 då ca 50 deltok. I løpet av helga var det mulig å få ein smakebit av kva eit folkehøgskoleår kan innehalde.  Bli-kjent-samling, foredrag v/Lidvar Nygjerde, basislinje, velgfag, skolekor, elevkveld/haustfest og Høgtun-quiz på «toppen» var ein del av ingrediensane som kunne velgast. Tilbakemeldingane frå mange av foreldra var svært gode. Avslutningsturen til Atlanterhavsveien med Edgar Fredriksen som minibuss-sjåfør var òg svært populær!

I midten av september var det Opplevingsveke. Timeplanen vart lagt til side og elevane fekk rikeleg med utfordringar – spesielt ute. Ei gruppe hadde padleveke på Rogen i Sverige – utan mobil, klokke og PC(!) Ei gruppe sykla tour de Møre. Vidare var det segleveke, Vilt, vått og vemmelig og Kreativ veke. Lørdagskvelden var det bildevisning og gjenforening.

Onsdag 7.november reiser 30 elevar på skoletur til Kenya. Deretter reiser elevane på tur til Nepal, Israel, Lanzarote og Norgestur.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *