Tal som utfordrar

Tala frå TNS- Gallup om kva folk meiner om bedehuset og indremisjonen utfordrar oss – og må få konsekvensar.

Tala som TNS Gallup no har lagt fram for oss om kva det norske folk tenkjer om bedehuset og indremisjonen MÅ få oss til å tenke og handle. Det gjeld folket vårt si frelse.

TNS-Gallup si store undersøking om indremisjonen og bedehuset har gjeve oss fakta som vi ikkje kan oversjå eller bortforklare. No ligg fakta på bordet, og alle som er opptekne av
arbeidet på bedehuset bør bruke tid på desse tala.

Du finn i boka «Motstrømsfolket» som vi sel på krinskontoret for kr. 100,-.

Du finn også tala på www.nri-imf.no.

Her er nokon av nøkkeltala frå fylket vårt:

1)      Vurdere du av og til eller ofte å verta ein kristen?

21 prosent ville svara ja på dette.

2)     Hadde du vorte med på bedehuset dersom du vart beden med av nokon?

53 % ville heilt sikkert eller mest sannsynleg vorte med deg (57 % i resten av landet).

 3)  Har du nokon gong vorte invitert med på bedehuset?

59 % har aldri vorte invitert med på bedehuset (55 % i resten av landet).

4)     Kan du tenkje deg å verta betre kjend med det som skjer på bedehuset?

41 % ynskjer å verta betre kjent med arbeidet bedehuset (50 % i resten av landet)

5)      Er dei kristne du kjenner opptekne av å snakke om trua si?

82 % seier at dei kristne dei kjenner aldri talar om trua si (72 i resten av landet).

6)      Kva er det viktigaste med bedehuset?

45 % ville svara at det viktigaste med bedehuset er å fortelja om Jesus.

7)     Viss du har vore på bedehuset, korleis vart du motteken?

78 % har opplevde ein varm mottaking på bedehuset (55 % i resten av
landet)

Kva gjer vi som bedehus- og indremisjonsrørsle med desse fakta?

Når 82 % av folket i Møre og Romsdal aldri har opplevd at dei kristne dei kjenner har snakka om trua si og om Jesus, korleis skal folket i fylket vårt verta frelste?

Når 59 % av folket i fylket vårt mest truleg hadde vorte med oss på bedehuset viss vi spurte dei, kvifor ber vi dei ikkje med oss? Kvifor sit vi berre og ventar at dei skal koma i den store vekkinga?

Svara frå TNS-Gallup er truleg det viktigaste dokument vi har fått i ImF nokon gong. No må vi snakke saman om desse tinga, og handle deretter. Det gjeld menneske si frelse.

Arild Ove Halås

kretsleder Nordmøre og Romsdal Indremisjon

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *