Haustmøtet i Molde – ein festdag for små og store

http://bildegalleri.nri-imf.no/#73

Det var med spenning vi såg fram til årets Haustmøte i Molde. Vi hadde lagt opp til ein heilt ny programmal  dette året. Vi tør seie at det vart ein sers vellukka dag.

I år var det lærar ved bibelskulen på Bildøy, Morten Torsvik som var hovudtalar. Han har arbeid mykje med samlivsetiske spørsmål i lys av Bibelen. Morten fekk gje oss mykje fra Guds ord. På ein direkte og utfordrande måte fekk han formidla kva Bibelen seier om samliv, sex, kjærleik, homofili m.m. Både i talen på føremiddag med tema «Til mann og kvinne skapte han dei» og under seminaret med tema «Homofilisaka, eit avgjerande skille i synet på nestekjærleik og kristendomsforståing».

Dagen starta med Storsamling kl. 1100. Nærarae 200 menneske fylte begge salane i Molde bedehus. NRI-koret og «Ungdomsteamet i Molde Indremisjon» deltok med song. Det var eige søndagsskuleopplegg under talen.

Etter ein pause med bollar, saft og kaffe gjekk 35 born og 15 ungdommar til «Barnas lekeland» berre nokre meter lengre bort i gata. Samstundes var 100 menneske samla til seminar med Morten Torsvik.

Etter seminart hadde dirigenten i NRI-koret, Harald Myklebust ei «Glasong-stund»  kor han let oss få helse på diktaren, frikyrkjepastoren  og skalden Sigvart Engeset og hans songskatt. Dei fleste syntes at både seminaret og songstunda var alt for kort.

Nærare 100 personer fekk ein god pizzamiddag før vi var samla til «Songfest» som avslutta dagen. Morten Torsvik hadde andakt og det var mykje god song. I tillegg til NRI-koret var barnekora «Praise» og «Jippigjengen» frå Molde bedehus med. Det same var Gospelkoret ved Molde Folkehøgskole. Godt og vel 170 personar var samla på avslutningsmøtet.

Det nye opplegget for Haustmøtet vart ein festdag for små og store, og vi ynskjer å vidareføre denne malen også neste år. I kollektar kom det inn nærare 25 000,-.

Det var også gledeleg at så mange frå bygdene kom og var med på årets Haustmøte.

1 svar
  1. Konrad Frøystad
    Konrad Frøystad says:

    Jeg var på høstmøtet hele dagen og opplevde det både og. Jeg er ikke sikker på at emnet på søndag føremiddag var det rette å ta opp. Jeg hadde håpet på mer åndelig føde, det er tross alt det folk trenger i dag. Dette kunne passet på et seminar. Derimot emnet deretter som var et seminar, synest jeg var verdifullt og viktig.
    Jeg har nettopp vært og hørt på Njål Skrunes. En solid forkynnelse. Et tips til årsmøtet.
    Dette er ikke noen kritikk, men bare en synspunkt fra meg.
    Konrad

    Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *