Tuntreet har falt på Høgtun

 

Foto: Idar Remmereit

Det store tuntreet på Høgtun Folkehøgskole har falt. Men om tuntreet faller står skolens mål og grunnvoll like fast. Les hilsen fra lærer Idar Remmereit her.

For eit menneske er det viktig å oppleve at ein ikkje står aleine. Det er godt å ha trufaste støttespelarar i livet, i form av venner, familie og ektefeller.

Også Høgtun treng venner og støttespelarar. Omtanke, god omtale, forbønn og synleg interesse er vel så kjærkome som giro-overføringar og kollektstørrelse.

Vi på Høgtun kunne sikkert vore enda flinkare til å pleie vennekontaktane våre. Generasjonsskifte både i Høgtun-personalet og i fleire venne-forsamlingar, har ført til at mange av dei personlege relasjonane er blitt svekka. Som Høgtun-venn er det kanskje nokon som etterkvart har følt seg uviktig, eller kanskje oversett. Det må vi i så fall beklage.

Høgtun ønsker å utvikle og bevare kontakten med både lokalmiljø og region. Som skule setter vi stor pris på både å få besøk, og å få besøke. Så får vi håpe at gleden er gjensidig, og ikkje berre opplevast som ei plikt.

Ein forkynnar sa eingong: «Vi skal ikkje gjere det som er gjort, men det som skal gjerast».

Høgtun er ein skule med gode og rike tradisjonar. Og vi ønsker heile tida å ta med oss det viktige vidare i utviklinga av skulen. Sjølv om skulen stadig endrar seg med nye fag og tilbud, er hovudfokusområda for skulen dei samme:

  1.. Gi elevane eit godt fagleg tilbud

  2.. Bidra til det vi kallar danning (utvikle mennesket)

  3.. Formidle kristen tru

I skrivande stund er det hektiske dagar på Høgtun. Opptaksbrev til neste års elevar/søkarar skal sendast ut. Høgtunaksjonen står for tur, og nokon reiser på utdanningsmesser. Elevane er opptatt av å førebu «skoleovertagelse». Medan lærarane i Gjemnes kommune er på kurs, skal Høgtunelevane drive alle grunnskulane i kommuna på eiga hand. Forventninga er stor både blant små og store.

Av anna nytt i tunet må vi nemne at både to tuntre og heile alleen er blitt fjerna. Trist vil mange meine, men nødvendig. Vi trur at Høgtun har ei god og lang framtid, sjølv om dei to store og gamle tuntrea no er historie. Visjonen til dei som starta skulen i 1917 lever vidare. Åra går, men måla består. Men vi har framleis bruk for venner, støttespelarar og forbedarar. Så nok ein gong: Takk!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *