Ungdomsrommet på Visthus er ferdig

Etter stor dugnadsinnsats er nå den gamle møtesalen på Visthus gjort om til et flott samlingsrom som først og fremst er tenkt for ungdommene.

Her skriver primus motor Hans Ivar Guddal (vår nye ung-leder) om prosessen:

Det er vel ca 2 år sidan no, at nokre ungdommar og meg sjølv sat i peisestova på Visthus og snakka om det var mogleg å gjere noko med ungdomsrommet, som ligg under anekset. Mange idear kom fram, båe dei som var eilt uaktuelle, men også mange gode. Eg sat meg ned og lagde ei lita teikning over kva vi hadde planlagt. Dette vart lagt fram for kretsleiar og han kom med gode tilbakemeldingar. Saken vart etter kvart lagt litt på is. Ca 1,5 år seinare hadde vi eit møte med Visthusstyret og den nye «husmora» på Visthus. Vi la fram det vi hadde tenkt på og venta i spenning på kva styret ville sei. Men vi måtte ikkje vente lenge. Allereie same kveld ga dei klarsignan til å byrje og ein god slant med pengar til projektet.

Då var det vel eigentleg berre å setje i gang. Bjørn Eirik (husmora) og eg reiste inn nokre dagar i april for å byrje med riving av gulv og grunning av veggar. Seinare har det vore fleire fantastiske folk som har gjort ein fantastisk dugnadsinnsats for å gjere rommet til det det er i dag.

Tanken bak dette er at vi vil at det skal kome fleire til Visthus, at fleire skal få høyre om Jesus og kva han har gjort for oss. Vi konkurerar med så mykje i dag at ei oppgradering her og der kan gjere underverk. Vi ynskjer at alle rundt om i krinsen vår skal snakke positivt om Visthus, slik at det også der kan bli meir aktivitet.

Då gjenstår det berre å takke alle som har bidrege, båe med pengar, tid, mat og dugnad. Må Gud velsigne dykk rikt.

Mvh: Hans Ivar L. Guddal

Klikk her for å se mange flotte bilder fra ungdomsrommet:

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *