VING-veke på Vestnes
Rundt 35 – 40 born kvar kveld og nærmare 150 menneske på VING-festa. Det er status etter den årlege VING-veka på Vestnes.
Kvar haust er det tradisjon at Vestnes VING arrangerer barneveke på bedehuset. Ellers i året er det VING annakvar mandag og frammøtet ligg ikring 40 born i alderen 2.-6. klasse.
På VING- møta er det andakt, song, mat og nokre gongar utlodning. Så er det ulike aktivitetsgrupper, mellom anna er «geo-catch» ei veldig populær gruppe. Da er man ute i naturen og leitar etter postar som er lagt ut.
VING-veka starta i år med «vanleg» VING mandag kveld. Ungdomsarbeidar i NRI, Hans Ivar Guddal var på besøk og snakka om Noah. Etterpå vart det lage fotspor i papir som skulle limast opp på veggene i bedehuset til VING-festa.
Tirsdag og onsdag var det VING, men da varte samlinga berre ein time. Mykje av tida gjekk med til å øve inn dei fire songane som borna skulle syngje på den store VING-festa. Songane «Gi meg Jesus», «For så høyt har Gud elsket verden», «Livsglede» vart terpa på til borna kunne dei. Desse to kveldane var det Arild Ove Halås som var andaktshaldar.
Kvar kveld fikk dei som kom lov å tippe på «Tippekrukka». Det er ei stor krukke fylt med smågodt, og den som kunne tippe kor mange godtebitar det var i krukka fekk alt saman. Vinnaren vart kåra på VING-festa.
Torsdag var det klart for årets VING-fest. Ein måtte låne fleire bord frå Vestheim Ungdomssenter for å ha plass til alle. Mellom 140 og 150 små og store fylte bedehuset. Det var kjempegod mat, og VING-koret song så taket nesten løfta seg. Leier for Sunnmøre Indremisjon si ungdomsavdeling, Randi Fagerhol Lauvås var gjest og andaktshaldar.
Annbjørg Helland Sævareid er hovudleiar for VING-arbeidet på Vestnes, ei oppgåve ho har hatt i over 25 år. Med seg har ho Runar og Silje Johanssen, Knut Magne Aas, Roar Johanssen, Øystein Johanssen og Raymond Falck som ledere.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!