SKAM – den fengande TV-serien

indexBarne- og ungdomsarbeidar Hans Ivar Guddal gir her rettleiing om ein av tidas mest populære TV-seriar.

I den siste tida har det blitt sendt ein tenårings-serie på NRK. Skam heiter den, og den handlar om ei jente og hennas liv på Hartvig Nissens Vidaregåande Skule i Oslo. Og målgruppa er 15 år. Serien har eit fokus på at ein ikkje skal bry seg om kva andre seier, men vere seg sjølv. Dette er både vel og bra.

Nokre kristne vener av meg sa at denne serien var svært fengande og bra.

Eg tenkte sjølv at eg skulle sjå, og finne ut kva serien handla om.

Ein kveld eg tok meg tida til det, sat eg meg ned med nettbrettet og fant fram serien på NRK nett-tv. Skam, sesong 2 og episode 1.

Når eg slår på har eg eit opent sinn, og er spent på kva dette er, sidan kristne ungdommar seier den er bra.

Det tar ikkje lange tida før eg både er sjokkert og skremt av kva eg ser. Episoden startar med at det blir spelt av ein song, mens dei filmar rundt om i hovudstaden vår, Oslo. Denne songen er ein song av den kjente gruppa «turbonegro», og songen heiter: «city of satan».

Allereie her synes eg at NRK har gått for langt. Spele av at Oslo er «Satans by» er sjokkerande og svært sårt. Og berre etter eit par minutt inn i episoden skjønar eg ikkje kva som kan vere så fengande og bra med dette. Men eg tenkte at eg skulle sjå ferdig episoden, og det gjorde eg. Vidare i episoden skjønar eg meir kva serien handlar om.

Det som skjer vidare er at hovudpersonen, som bur i eit kollektiv går til døra til ein av dei andre personane for å spørje eit spørsmål. På denne døra til denne personen, ser eg eit lite skilt som eg fort blir ganske så irritert av. På skiltet står det: «boikott Israel». Dette blir vist fleire gonger etter kvarandre. Eg trur ikkje det er tilfeldig at dette skiltet blir plassert her i denne serien, og i dette landet. Eg skjønar ikkje kvifor ein skal proklamere at vi skal boikotte Israel. Synes det er skremmande at dette skal visast til denne målgruppa. Eg slit veldig med å forstå kva Israel har gjort, som er så mykje verre enn alle andre land her i verda.

Når hovudpersonen ikkje får svar når ho bankar på døra, går ho berre rett inn. Det som skjer innafor døra, er at det blir utført seksuelle handlingar mellom to likekjønna tenåringar.

I dagens samfunn så kan eg vel ikkje reagera på at slikt blir vist på TV. Men det eg reagerer på, er at kristne ungdommar synes at dette er fengande. At dei synes at dette er noko ein bør sjå på for å få med seg utviklinga i verda, og korleis ungdommen er i dag.

Visst vi skal ta for oss resten av episoden, så er samtaleemna for det meste sex, festing og alkohol. Og for å overdrive ein liten smule, så er det banning i nesten kvar einaste setning, noko som eg synes er felt at blir vist. Eg forstår jo det at dette er interessant å prate om, og at dette er noko som opptek tenåringar,

men synes det er trist at dette er ein serie som mange kristne anbefaler. Vi som er kristne, og spesielt i dag, bør vere klare på kva vi ser på og kva vi fyller oss med. Vi er alle førebilete og personar som betyr mykje for tenåringar. Og at vi som kristne då skal anbefale og oppmuntre andre kristne til å sjå på ein slik serie synes eg blir feil.

Det er så mykje i denne serien, og berre ut i frå den eine episoden eg såg, som talar imot Bibelen og det Gud seier. Eg tykkjer at vi som kristne, i staden for å oppfordre, heller skulle åtvare andre mot å sjå på denne serien. Synes det er skummelt å tenkje på at vi fyller oss med dette. Men det som er verre er at vi synes det er greitt. At det er greitt å høyre på at Oslo er «city og Satan»,  det er greitt å «boikotte Israel», det er greitt med banning, at det er greitt med seksuelle handlingar mellom likekjønna og at festing og alkohol er noko som ein skal sei er ok. Eg synes at det er sårt at vi som kristne synes at dette er greitt.

Eg har ingen rett til å dømme nokon, eller sei kva andre skal gjere, men eg ynskjer å anbefale andre kristne ungdommar til å ikkje sjå på denne serien. Den er overflatisk og lite oppbyggande. Som eg sa i starten, så har serien fokus på at ein må vere seg sjølv og ikkje bry seg om kva andre meiner og tenkjer, noko som er veldig bra. Men for meg så blir det totalt overskygga over alt det andre som eg såg i denne episoden.

Eg trur det er viktig at vi les kva Bibelen, altså Guds ord, frå 1 mosebok til Johannes openberring seier om kva som er rett og galt. Som eg nemnde så har eg ingen rett til å dømma nokon som helst, men eg trur at det Bibelen seier er sant, og at vi ikkje berre kan godta alle desse handlingane som blir vist i serien «Skam».

Djevelen er sterk, og eg trur at han bruker alle moglegheiter til å få oss kristne, inkludert meg sjølv til å få fokuset vårt bort frå det Gud seier og det som er rett. Og eg trur at Djevelen har klart akkurat dette gjennom denne serien. Eg håpar at dette kanskje kan få folk til å vere litt merksam på kva serien handlar om. Og at dette kanskje kan vere ei åtvaring om kva vi fyller oss med.

Eg snakka med ein kamerat, som sa at i staden for songen «city of satan», burde vi heller spele songen av Chris Tomlin, «God of this city». Dette er eg så absolutt einig i, men også redd for at det ikkje hadde blitt vist på norsk TV.

Ynskjer til slutt å helse dykk med eit bibelvers.

«Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det»

Ordtøka. 4, 23

Hans Ivar Guddal

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *