Livet i Kristiansund
Her kjem nokre linjer om T2 gjengen sitt liv i Kristiansund.
Februar er komen og vi tre ungdommane i Kristiansund er snart ferdige med ettåringstjenesta vår. Det er spesielt å tenkja på at det har gått så fort. Mandagsklubben, som er eit tilbod for 1-3 klasse har starta opp att. Her har vi mista nokre av dei som var med haustsemesteret, men samtidig har vi fått inn nokre nye barn, og det er vi veldig glade for. Vi opplever at både barn og foreldre er takksame for denne ordninga.
KRIK-øktene for dei som går i 5-7 klasse er også i full sving. Her har vi også mista eit par personar, men merkar at dei som fortsatt er med, har det kjekt og trivst godt saman med kvarandre.
Og så er det jo også KRIK for dei som går i 8 klasse og oppover. Her slit vi framleis med å få kontakt med ubgdommar som er interessert i å vera med. Men for nokre veker sidan, var vi på studentmiddag i kyrkja på Kirkelandet. Her møtte vi ein del vidaregåande elevar frå Aure. Og til vår store glede kom seks av dei på KRIK-økta samme kveld. Dette er noko vi har håpa og bedd om lenge, så dette var ei stor glede for Sunniva, Daniel og meg. Dette er eit stort bøneemne, og vi er veldig takksame om folk vil vera med å be for arbeidet med barn og unge her i Kristiansund.
Ellers får vi også lov til å vera med på Krabbeklubben, som held til i Krabbekloa. Her deltek vi med andakt, leik og moro.
Søndagsmøta i Langveien 19 er vi også med på nokre gonger i løpet av semesteret. Det er både kjekt og utfordrande og være med på så mykje forskjelligt.
Utanom alt det vi er med på i Kristiansund, deltek vi også på alle leirar på Visthus og Frænabu. Her er vi med som leirleiarar, og nokre av oss har også prøvd seg som leirsjef.
Vi opplever at menneska som kjem på leirane er svært takksame og fornøgde med det vi gjer, noko som gjer at jobben vår blir veldig triveleg, og også givande.
Vi har også besøkt andre plassar i kretsen, der vi er med på både møter, ungdomskveldar og lagsarbeid. Midsund, Vestnes og Molde er nokre av plassane vi har vore på. Det er kjekt å møte så mange menneske som trur på det samme, nemleg Jesus Kristus.
Som eg nevnte i starten, så reiser alle vi tre til kvart vårt etter denne våren. Det er vanskelig å tenkje at eit sånn arbeid (spesielt det i Kristiansund) skal ta slutt til hausten. Så derfor vil vi be om at dykk som meinar at arbeidet i Guds rike er viktig, har lyst til å vera med å be om at det må komma nye ungdommar til hausten, som ynskje å drive arbeidet vidare.
Tekst: Hans Ivar Guddal
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!