Vårt viktigaste arbeid
Krinsstyret ynskjer å løfte arbeidet mellom borna og dei unge i krinsen vår.
VÅRT VIKTIGASTE ARBEID
Krinsstyret har saman med dei tilsette og BUR (barne- og ungdomsrådet) brukt tida etter det ekstraordinære krinsmøtet i oktober til å arbeide med vegen vidare for krinsen vår. Saman med innspela frå komiteen som årsmøtet sette ned, vil dette verta lagt fram for krinsmøtet i juni.
I denne prosessen har vi (sjølvsagt) enno ein gong understreka kor viktig det vil vere at NRI er i stand til å prioritere borna og dei unge i åra som kjem. Dei siste åra har økonomien gjort at vi berre har hatt om lag ei halv stilling til å ivareta dette viktige arbeidet. Sjølv om det meste av arbeidet både i laga våre og på leir vert gjort av frivillige, er det heilt naudsynt å ha tilsette som legg til rette for den frivillige innsatsen. Til dømes trengs det mange arbeidstimar for å legge til rette både før og etter ei leir, og da rekk ikkje ei halv stilling særleg langt.
Vi vil løfte dette arbeidet kraftig frå sumaren av, og gjere dette innanfor ei forsvarleg budsjettramme. Her deler vi nokre hovudtankar som også vert lagt fram for krinsmøtet i juni:
1) Leirarbeidet
Vi vil halde oppe talet på leirar på dagens nivå (om lag 11 pr. år) og gradvis bygge dette opp. Vi vil i større grad invitere andre organisasjonar inn i leirarbeidet vårt slik at Frænabu og Visthus vert ein leirstad for flest mogleg. Vi vil også arbeide for å auke talet på frivillige leirleiarar.
2) Lagsarbeidet
Gjennom auka bemanning og ei viss omprioritering av krinsleiaren sine oppgåver vil vi styrkje lagsarbeidet vårt med langt fleire og regelmessige besøk til kvart enkelt lag enn vi har makta dei siste åre.
3) Leiaropplæring
Allereie i vår vil vi samle så mange tenåringar som mogleg og så vil vi fylgje desse opp med tid og ressursar. Vi vil utruste dei, utdanne dei, gje dei ansvar og forma dei til framtidige leiarar i Guds rike.
4) Familiearbeidet
Vi vil halde oppe to årlege familieleirar. Samstundes vil vi ta grep for å gje eit tilbod til kristne barnefamiliar, også dei som bor utanfor Molderegionen. Vi vil arrangere ulike tilbod for ektepar m.m. jamnt i åra som kjem.
5) Tilsette
Vi vil behalde ei 50 % stilling som leier for NRI-ung, ei stilling som legg til rette for både dei frivillige, de øvrige tilsette og for BUR. I tillegg ynskjer vi å få tilsett ein person i ei 50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Denne stillinga vil så langt som råd er verte dekka inn av sponsormidlar.
Vi vil også få til ei fast ordning med eit team på 4 ungdommar som samstundes er elevar på andreårs-lina på Bibelskulen på Bildøy (T2-elevar). Desse 4 skal bu i Kristiansund og arbeide 50 % i byen og 50 % i krinsen. Denne ordninga vil verta finansiert i samarbeid med Kristiansund Indremisjon, og vil mest truleg vera på plass frå hausten 2015.
På denne måten håpar og trur vi at vi skal kunne løfte heile barne- og ungdomssektoren vår. I skrivande stund ser det ut for at mykje av dette vil kome på plass til hausten, men alt er enno ikkje klart.
Ver med å be om at dette må lukkast for oss!
Arild Ove Halås
krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!