VING-veke og VING-fest på Vestnes
Krinsen sin einaste møteveke for born, VING-veka på Vestnes vart gjennomført i forrige veke.
Vestnes VING har no drive sitt arbeid i nærare 25 år. Heile tida har Annbjørg Helland Sævareid vore hovedleiar. Med seg som leiarar no har ho Silje og Runar Johansen, Øystein Johansen, Elin Skrede og Knut Magne Aas.
VING har samling i bedehuset annakvar mandag. VING-veka vert arrangert over 4 dager kvar haust. I år starta det på mandag (som er den faset VING-dagen). 18 born var med denne kvelden. Etter andaktsstund var det songøving, for på VING-festa skal «VING-koret» synge.
Så vert borna delt i to grupper. Oppe vert møtesalen rydda for stolar og gjort om til innebandy-bane. Dei som ikkje vil vera med der, laga lyslykter ned i kjellaren.
Tippekrukka er fast kvar gong det er VING-veke. Ei stor glaskrukke med snop, og kvar kveld får borna gjette kor mykje som er i krukka. Den som gjettar nærast får krukka med seg heim på VING-festa.
Oppmøtet heldt seg på 15 -18 både tirsdag og onsdag kveld. Torsdag var det klart for VING-fest og vel 80 personar i alle aldrar fylte bedehuset. VING-koret song, det var andakt, allsong, åresalg og mykje god mat. Hjelpeleiar Helene Johanssen las opp eit brev ho hadde skreve til VING som opning på festa.
Frå NRI var det dette året Arild Ove Halås og Gunnlaug Lima som var på besøk som andaktshaldarar. Mandag høyrde vi om Paulus som møtte Jesus, tirsdag hadde vi problem med masse giftslangar i bedehuset. Onsdag høyrde vi om Jesus som verdas lys og på VING-festa var temaet for andakten mat og ein liten matpakke som ein gong vart gjeve til Jesus.
Vi ynskjer lukke til og Guds signing over VING-arbeidet vidare.
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!