Det finns mang ein grunn til mismot

nri-leder…eller som det står i songen – «det finns ingen grunn til mismot»

Som 15 åring lærte eg Trygve Bjerkreim sin song «Det finns ingen grunn til mismod for deg som på Kristus trur» – den gongen brukt som stevnesong på  Ungdommens Landsmøte på Vigrestad i 1982. Du finn songen på nr. 300 i bedehuset si songbok.

 For den som trur på Jesus minner denne songen oss om at det framleis er Gud som har kontroll. Han har all makt, og han held historias gang i sine hender. Han har lova å ta vare på både sitt skaparverk og på sine born.

 Jes45,11 Så seier Herren, Israels Heilage, han som skapte det: Spør meg om det som kjem! Lat meg syta for borna mine og for verket av hendene mine.

 Menneskeleg tala  finns det mang ein grunn til mismot, også for den som på Kristus trur.  Ikkje minst når det gjeld det framtida for det kristne arbeidet i landet vårt er det mange som vert grepe av mismot. Mange bedehusflokkar minkar. Guds ord og kristne verdiar får mindre plass i samfunnet vårt. Homofilisaka og den liberale teologien er i ferd med å rive den norske kyrkja frå kvarandre, og mange er trøyte av den «evige» strida om desse tinga. Det er langt mellom dei store vekkingane og det synes oss som at det er tilsynelatande få menneske som kjem til tru. Den frivillige dugnadsinnsatsen i det kristne arbeidet har vorten forholdsvis liten. Jau, den som leitar han finn, særlig viss du leitar etter ein grunn til mismot.

 Det kan difor vere krevjande å halde oppe inspirasjonen til framleis engasjement i kristent arbeidet. I det bedehuslandskapet kor eg ferdas nokså mykje, er det heldigvis langt mellom mismodige menneske, men dei finns. Det er trist når kristne vert gripne av mismot. Der vitnemålet om Jesus før lydde med frimodig glede, høyres nå mest sår klaging over alt som er gale, – og ein drøymer om at alt må verta slik som det var «før i tida».

 I årsmeldinga til NRI for 2013 skriv krinsstyret noko særs viktig. Inspirasjonen til arbeid i Guds rike finn vi ikkje i talet på nye kristne, den finn vi ved  eit nakent kross og ved ei opa grav.

Det er sigerherren frå Golgata som ber oss om å drive misjon. Vi skal så og vatne – innhaustinga skal sjefen sjølv ta seg av.

 Samstundes er det mykje å gle seg over, også i indremisjonsland  anno 2014. Menneske vert bevart og utrusta til eit liv som Jesu læresveinar. Ny vert vunne for Jesus, om enn ikkje i det omfanget vi ønska. På leir og i lagsarbeidet samlast unge omkring Guds ord.  Ikkje minst skulane våre gjer eit enormt arbeid med å forkynne Guds ord til elevane, noko vi veit ber frukt.

 Lyfter vi augo (og nasetippen) litt opp – og ser korleis det står til med den kristne kyrkja i verda er det sanneleg ingen grunn til mismot. Kristus og hans hær rykkjer fram i siger. Aldri før har det vore så mange kristne ungdommar i Noreg som i dag, og aldri før har dei brunne slik for å nå nye med evangeliet. Rundt om i verda vert fleire hundretusen menneske frelste kvar einaste dag, i eit omfang vi aldri før har sett i verdshistoria.

 Det går mot siger, og vi får vera med.  Så er det nett no vi som må ta hundevakta, og drive indremisjon i ei tid med lite vekking.  Men kven sa at vi skulle gje opp av den grunn?

 Trygve Bjerkreim hadde rett – det finns ingen grunn til mismot for den som på Kristus trur!

Arild Ove Halås  – krinsleiar i NRI –  ao.halaas@imf.no

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *