Eg vil so gjerne syngja
Kulturkvelden om Sigvard Engeset sitt liv og hans diktning vart ei feststund for dei over 80 som fylte salen på Frænabu.
Ein som alltid blid og opplagd Harald Myklebust tok oss med inn i livet til sambygdingen sin. Som Engeset er også Myklebust født og oppvaksen i Ørsta. Rett nok med mange års mellomrom, men med både felles arv og slektsband.
Sigvard Engeset vart født på garden Øvre Engeset i Ørsta som den eldste av ti sysken i 1885 og døyde i 1974. Vi fekk følge han gjennom barneåra kor han mellomanna allereie som ti-åring fekk faren til å slutte å bryggje øl etter å ha meldt seg inn i avholdslosjen. Vidare tok Myklebust oss med til ungdomsåra til Engeset kor han var kokk på ein trandampar i Nord-Noreg, på friarføter til grosserardottera i Kristiansand og heimatt til forstandarteneste i frikyrkja i Ørsta.
Det var likevel som forstandar i Oslo Vestre Frikirke han er mest kjendt. Vi fekk høyre om hans kvardag, hans møte med andre kjende kristneleiarar m.m.
Men mest av alt fekk vi møte skalden Sigvard Engeset. Myklebust leia forsamlinga i allsong, og song også fleire songar sjølv. Dette er songar som er ein del av songskatten til store deler av «kristen-Norge». Mellom anna:
«Eg vil so gjerne syngja»
«Jesus har sett meg inn i barnekåret sitt»
«Ut å fiske / Med min vesle båt eg ror»
«Bli i meg har Jesus sagt»
«Slik som eg var»
«Visargutten» – med fleire.
Som vanleg på Kulturkveldane på Frænabu var det åresalg, kveldsandakt og kveldskaffe. Takk for besøket til Harald Myklebust for besøket og til alle som deltok og gjorde kvelden så kjekk som den blei.
Neste Kulturkveld er på Frænabu torsdag 10. april med besøk av den svenske songaren Torkel Selin.
Vil du små bilete frå kvelden – gå inn på www.frænabu.no og gå videre til «Det skjer».
Legg igjen et svar
Want to join the discussion?Feel free to contribute!