Winter Games

Leirsjef Ottar Schjølberg sammen med en del av deltakerne

Leirsjef Ottar Schjølberg sammen med en del av deltakerne

Leirsjef Ottar Schjølberg rapporterer fra årets Winter Games på Frænabu:

I flott vårleg vinterver vart wintergames leiren for 1. – 4. klasse gjennomført på Frænabu 14. – 16. februar. Ivrige deltakarar fulle av spaning og forventning til ei helg med fart og moro var frå fyrste kveld, klar for leir. Nokon var nok også litt bekymara for korleis det skulle gå med tre dagar utan far og mor, men som vanleg tok rutinerte leiarar hand om flokken, så heimlengten slapp raskt taket.

Hovudaktiviteten denne leiren var to uteøkter laurdag, der vinterleikane vart avvikla. Her var det alt frå skiskyting til kunstløp – det heile gjennomført med stor entusiasme og med idrettsglede til terningkast seks. Jubelen  vart ikkje mindre når ettermiddagen kom og leirfesten gjekk av stabelen. Ungane synte slik kreativitet og var så flinke at festen bugna over av variert program, og det mest utan innslag frå leiarane.

Elles må bibelsamlingane lyftast fram som eit hødepunkt – dei er det mange av på ein leir, og gjennomgangstemaet denne leiren var «Jesus, redningsmann til evig tid». Stig-Einar Sørensen delte Guds ord med oss, og det så levande at ungane ynskte han skulle halde på lengre når samlingane var over.

Kjøkkenet, leiren sitt varme hjarte vil eg også nevne, vår kjære husmor Reidun ikkje berre diskar opp med velsmakande mat, men tek varmt i mot alle som treng innom kjøkkenet eit ærend.

Vil til slutt seie tusen takk til de som sender ungane dykkar på leir, og til nye og gamle leiarar og hjelpeleiarar – veldig oppmuntrande og sjå tilvekst i leiarflokken.
På vegne av gjengen, Ottar Schjølberg

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *