Nytt fra Molde Folkehøgskole

Mykje arbeid å lage hol i isen når den er halvmeteren tjukk

Isdykking blant 100 år gamle trær er ikkje kvarrdagskost, heller ikkje på Molde Folkehøgskole. Les siste nytt frå skulen her.

Tekst og foto: Nils Arve Styve

Kvar vår dreg linja «Dykking/klatring» til Bergen, slik også i år:

Turen startar gjerne med eit av dei mest sagnomsuste ferskvassdykka i Noreg, Lygnstøylsvatnet. Så også i år. Snøen plar vere reist, og isen borte – men nei, ikkje i år. Det måtte bli isdykking.

Isen målte drygt ein halvmeter, og det var ei utfordring i seg sjølv å skjere hol i isen. Sverdet på motorsaga var for kort, og vi måtte til slutt på bygda for å låne ei handsag til siste rest. Holet blei stort og godt, og dykket gjekk knirkefritt.

Pga. obligatorisk line blei aksjonsradiusen noko begrensa, og vi ville for all del ikkje risikere å vikle liner inn i skogen som framleis står der under vatn, hundre år gammal. Det kunne blitt eit trist syn for neste dykkarar som kom.

Linedykking er ikkje noko vi gjer mykje av heller, så dette måtte trenast på i forkant. Linesignal måtte puggast utanat, og for å gjere det så realistisk som mulig trena vi på nattdykk med overflateline og linemann. Dette meistra elevane meget bra, og då var det berre å køyre på!

——————-

Vi kan ellers melde at skulen no har teke inn 131 elevar til neste skuleår og har opplevd rekordsøkning. Oppussinga av tredje etasje på Nyborg er nesten fullført og skulen er godt budd til å ta imot mange nye elevar.

Satsinga på å formidle evangeliet til elevane er sterkt ved skulen. Daglege morgonsamlingar tek opp ting knytt til tru og tanke. Kvar veke er det «møte» (Pit Stop) kor mellom 60 – 80 % av elevane samlast om Guds ord, bøn og lovsong. Alle elevane er også med i «Tru og tanke-grupper» som samlast reglemessig saman med ein fast lærer gjennom heile året. Dette er eit stort såarbeid som vert gjort gjennom eit heilt skuleår. Vi veit at Guds ord alltid gjer si gjerning, og så får andre hauste når tida er moden.

Krinsstyret vil gjerne gje uttrykk for stor takksemd til skulens personale for den gode måten dei driv ein kristen folkehøgskule på.

Skulen si generalforsamling vart halden onsdag 17. april. Det er krinsstyret i NRI som er utgjer årsmøtet/generalforsamlinga for skulen. Årsmelding og årsrekneskap vart godkjende, og Arild Ove Halås og Asbjørn Ræstad vart vald inn i skulens styre. Frå før er Lars Myklebust, Anne Bente Klokk Svendsvik og Margaret Kjøde Rødal styremedlemmar.

Følg livet ved skulen dagleg på www.molde.fhs.no

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *