Nytt fra Høgtun Fhs

22.august fekk vi starte opp igjen! Det var ei stor glede å kunne ta imot 87 nye elevar – og få starte opp igjen med et nytt kull! Det har allerede gått ein månad – og det er stor aktivitet og mykje livsutfoldelse! Den første tida var elevar og tilsette ekstra nøye på sosial distanse og å følge reglane for smittevern. Etter 10 dagar kunne vi gå over i kohortar og begynne å leve «meir normalt». Vi har nesten 30 internasjonale elevar i år! Det er mange frå Danmark, USA, Nederland, Tyskland og Belgia. Alle desse måtte gjennom ein karanteneperiode før dei kunne starte som elevar.

Navnebytte! Etter ein lang og god prosess har ansatte, styre og eigarorganisasjonane landa på at Høgtun folkehøgskole får nytt navn! I 1917 då skolen starta var navnet «Nordmøre ungdomsskole» før ein tok i bruk «Høgtun folkehøgskole». Området vi brukar mest til undervisning er frå Oppdal i aust til Atlanterhavsvegen i vest, frå Smøla og Aure i nord til sunnmøre i sør. Dette er Nordvestlandet! Det er her vi går på fjelltoppar, på skiturar, på teltturar, padler i kajakk – det er her vi har folkehøgskole! Det nye navnet på skolen vår er altså «Nordvestlandet folkehøgskole». Vi synes det er eit godt navn som fortel konkret kvar vi er å finne. Høgtun navnet som tun-navn vil vi ha med oss vidare – vi er også glade i det navnet!

Den siste veka har vi gjennomført opplevelsesveke. Elevar og lærarar har gjennomført turar i sunndalsfjella, bølgesurfing på Farstad, nærturar i Torvikbukt, gårdsliv m.m.

Vi ser fram til eit innhaldsrikt og spennande år!

-Bjarte

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *