Gode Seniordager på Visthus

seniorleir-delt-2017liteLeirdagene for seniorar på Visthus i august blei  også dette året en flott samling til glede og inspirasjon.

Leirsjef Kåre Eikrem skriver:

«Kjært barn» har mange namn. Først var det eldreleir, så over dei 60, mest med smell i: 55+ og no vart eit nytt namn prøvd: Seniordagar. Kva blir det neste? Uansett er fleirtalet pensjonistar, naturleg nok. I år hadde vi faktisk òg eit diamantbrudepar frå Åfarnes imellom oss. Triveleg!

Berre det å bu saman i nokre dagar på den unike og koselege plassen er ein fest – sjølv om sommarveret ikkje var det aller beste i år heller! Alle senger var i bruk, matsal og festsal vart godt utnytta. Fleire budde òg i eigne bubilar ol. I den faste flokken hadde vi og fleire trivelege representantar frå Trøndelag. Til stemnedagen søndag vart vi dobbelt så mange, ja, over 130 og heile plassen var full av bilar. Rekord?!

For andre året på rad hadde vi sangevangelistane Martha og Edgar Paulsen fra Melhus med oss. Dei fekk som vanleg dele mykje rikt med oss i sang, vitnesbyrd og tale ut i frå vår kjære Bibelbok. Nytt av året var konserten vi hadde i Vistdal. Hit kom òg mange frå bygda og området rundt. Elles kan vi vel seia at programmet var godt og variert. Endåtil morgontrim var det plass til! Her nemner vi elles: Kåseri frå «gamle» dagar av Edmund Søvik , opprinneleg frå Søvik i Måndalen, fagseminar om kristen besøkteneste, blåtur med gode guider, hageselskap med Visthusmeisterskap i hesteskokasting. Meistrane denne gongen vart Oddvar og Oddveig. Og ikkje for å gløyma; stemnedagen søndag der «Romsdalskameratene» delte evangeliet med oss i «gnistrende» sang! Vi reknar med at dei vert eit fast innslag kvart år! Misjonsgåvene må vi heller ikkje gløyma, mellom kr. 30 – 40.000 vart samla inn!

Ei viktig side ved ei slik samling er kontakten og samtalene imellom det som skjer, både knytta til det praktiske livet, og ikkje minst den åndelege samtalen. Heile opplegget med overskrifta frå 1. Kor. 3: «Vi er Guds medarbeidere – « løyste ut vitne-, bøne- og omsorgstrongen, og fornya kallet imellom oss! Ja, det var mange som reiste heim med takketonen i hjarta: «Tenk at jeg fikk ditt kall og skal få være med!»

Vi vil takke komiteen for dagane for godt førarbeid og gjennomføring. Vidare må vi få trekkje fram dei som hadde ansvaret på kjøkkenet. Dei fleste av dei på dugnad. Ei viktig side ved slike samlingar er maten. God mat og god prat høyrer saman, og slik var det på Visthus òg desse dagane! Takk, takk, alle saman!

Planane for neste år er sjølvsagt ikkje ferdige enno, men datoen for samlinga vert i same veka som i år, 08. – 12. august 2018. Du veit du er velkomen! Vi ber om ein god haust og vinter for den enkelte.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *