Å drive folkehøgskole i Coronatiden

   Torsdag 12.mars vart alle folkehøgskolane i Norge stengt. Vi fekk beskjed frå myndighetene om dette – pga Korona-viruset var det ikkje tilrådelig å drive med folkehøgskole lengre. I løpet av tre dagar hadde dei aller fleste elevane pakka ned sakene sine og reist. Tilbake var ei lita gruppe med internasjonale elevar. Håpet var lenge at vi kunne få starte opp igjen ein gong etter påske – og få ei fin tid i lag nokre veker. Slik blei det ikkje. 7.april kom det beskjed om at skolane skulle vere stengt resten av dette skoleåret. Samtidig blei vi påmint at vi skulle gje elevane eit skoletilbud.

Dermed driv vi – for første gang i historien – «Alternativ folkehøgskole på digitale plattformer». Lærarane ringer elevar, har klassechat, dei får oppgaver, er ute på solodøgn, vi har valgfag og samtalegrupper. Alt er digitalt! Fungerer det? Ja – det er stort sett bra oppslutning frå elevane og lærarane gjer ein god jobb med dette. Likevel – vi savnar å ha elevane på tunet. No i den fine vårtida skulle dei ha spelt fotball og sandvolleyball, vore på fine skiturar høgt til fjells og padla kajakk. Vi skulle hatt avslutningstur til Visthus – og avslutningsfest på Høgtun. Jo – savnet er stort frå begge sider. Vi håpar å få til ei «gjensynsveke» i august før vi startar opp med nytt kull. Det vil bety mykje om vi kan få lov til å gjere det.

Høgtun tar fremdeles i mot søknader – det er plass! Bl.a mange gode friluftslivlinjer. NB! Ny linje: Basecamp Nordvestlandet. I slike tider må vi sjå langt fram. Vi skal gjennom dette. Vi er takknemlige for alle som vil vere med og be for Høgtun folkehøgskole:)

Torvikbukt 28.april

Bjarte Grøteide – rektor

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *