{"id":8997,"date":"2016-04-17T12:19:57","date_gmt":"2016-04-17T10:19:57","guid":{"rendered":"http:\/\/nri-imf.no\/?p=8997"},"modified":"2016-04-17T12:19:57","modified_gmt":"2016-04-17T10:19:57","slug":"skam-den-fengande-tv-serien","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/nri-imf.no\/?p=8997","title":{"rendered":"SKAM &#8211; den fengande TV-serien"},"content":{"rendered":"<p><strong><a href=\"http:\/\/nri-imf.no\/wp-content\/uploads\/2016\/04\/index.jpg\" rel=\"lightbox[8997]\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-8998\" alt=\"index\" src=\"http:\/\/nri-imf.no\/wp-content\/uploads\/2016\/04\/index.jpg\" width=\"300\" height=\"168\" \/><\/a>Barne- og ungdomsarbeidar Hans Ivar Guddal gir her rettleiing om ein av tidas mest popul\u00e6re TV-seriar.<\/strong><\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<p>I den siste tida har det blitt sendt ein ten\u00e5rings-serie p\u00e5 NRK. Skam heiter den, og den handlar om ei jente og hennas liv p\u00e5 Hartvig Nissens Vidareg\u00e5ande Skule i Oslo. Og m\u00e5lgruppa er 15 \u00e5r. Serien har eit fokus p\u00e5 at ein ikkje skal bry seg om kva andre seier, men vere seg sj\u00f8lv. Dette er b\u00e5de vel og bra.<\/p>\n<p>Nokre kristne vener av meg sa at denne serien var sv\u00e6rt fengande og bra.<\/p>\n<p>Eg tenkte sj\u00f8lv at eg skulle sj\u00e5, og finne ut kva serien handla om.<\/p>\n<p>Ein kveld eg tok meg tida til det, sat eg meg ned med nettbrettet og fant fram serien p\u00e5 NRK nett-tv. Skam, sesong 2 og episode 1.<\/p>\n<p>N\u00e5r eg sl\u00e5r p\u00e5 har eg eit opent sinn, og er spent p\u00e5 kva dette er, sidan kristne ungdommar seier den er bra.<\/p>\n<p>Det tar ikkje lange tida f\u00f8r eg b\u00e5de er sjokkert og skremt av kva eg ser. Episoden startar med at det blir spelt av ein song, mens dei filmar rundt om i hovudstaden v\u00e5r, Oslo. Denne songen er ein song av den kjente gruppa &laquo;turbonegro&raquo;, og songen heiter: &laquo;city of satan&raquo;.<\/p>\n<p>Allereie her synes eg at NRK har g\u00e5tt for langt. Spele av at Oslo er &laquo;Satans by&raquo; er sjokkerande og sv\u00e6rt s\u00e5rt. Og berre etter eit par minutt inn i episoden skj\u00f8nar eg ikkje kva som kan vere s\u00e5 fengande og bra med dette. Men eg tenkte at eg skulle sj\u00e5 ferdig episoden, og det gjorde eg. Vidare i episoden skj\u00f8nar eg meir kva serien handlar om.<\/p>\n<p>Det som skjer vidare er at hovudpersonen, som bur i eit kollektiv g\u00e5r til d\u00f8ra til ein av dei andre personane for \u00e5 sp\u00f8rje eit sp\u00f8rsm\u00e5l. P\u00e5 denne d\u00f8ra til denne personen, ser eg eit lite skilt som eg fort blir ganske s\u00e5 irritert av. P\u00e5 skiltet st\u00e5r det: &laquo;boikott Israel&raquo;. Dette blir vist fleire gonger etter kvarandre. Eg trur ikkje det er tilfeldig at dette skiltet blir plassert her i denne serien, og i dette landet. Eg skj\u00f8nar ikkje kvifor ein skal proklamere at vi skal boikotte Israel. Synes det er skremmande at dette skal visast til denne m\u00e5lgruppa. Eg slit veldig med \u00e5 forst\u00e5 kva Israel har gjort, som er s\u00e5 mykje verre enn alle andre land her i verda.<\/p>\n<p>N\u00e5r hovudpersonen ikkje f\u00e5r svar n\u00e5r ho bankar p\u00e5 d\u00f8ra, g\u00e5r ho berre rett inn. Det som skjer innafor d\u00f8ra, er at det blir utf\u00f8rt seksuelle handlingar mellom to likekj\u00f8nna ten\u00e5ringar.<\/p>\n<p>I dagens samfunn s\u00e5 kan eg vel ikkje reagera p\u00e5 at slikt blir vist p\u00e5 TV. Men det eg reagerer p\u00e5, er at kristne ungdommar synes at dette er fengande. At dei synes at dette er noko ein b\u00f8r sj\u00e5 p\u00e5 for \u00e5 f\u00e5 med seg utviklinga i verda, og korleis ungdommen er i dag.<\/p>\n<p>Visst vi skal ta for oss resten av episoden, s\u00e5 er samtaleemna for det meste sex, festing og alkohol. Og for \u00e5 overdrive ein liten smule, s\u00e5 er det banning i nesten kvar einaste setning, noko som eg synes er felt at blir vist. Eg forst\u00e5r jo det at dette er interessant \u00e5 prate om, og at dette er noko som opptek ten\u00e5ringar,<\/p>\n<p>men synes det er trist at dette er ein serie som mange kristne anbefaler. Vi som er kristne, og spesielt i dag, b\u00f8r vere klare p\u00e5 kva vi ser p\u00e5 og kva vi fyller oss med. Vi er alle f\u00f8rebilete og personar som betyr mykje for ten\u00e5ringar. Og at vi som kristne d\u00e5 skal anbefale og oppmuntre andre kristne til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 ein slik serie synes eg blir feil.<\/p>\n<p>Det er s\u00e5 mykje i denne serien, og berre ut i fr\u00e5 den eine episoden eg s\u00e5g, som talar imot Bibelen og det Gud seier. Eg tykkjer at vi som kristne, i staden for \u00e5 oppfordre, heller skulle \u00e5tvare andre mot \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 denne serien. Synes det er skummelt \u00e5 tenkje p\u00e5 at vi fyller oss med dette. Men det som er verre er at vi synes det er greitt. At det er greitt \u00e5 h\u00f8yre p\u00e5 at Oslo er &laquo;city og Satan&raquo;,\u00a0 det er greitt \u00e5 &laquo;boikotte Israel&raquo;, det er greitt med banning, at det er greitt med seksuelle handlingar mellom likekj\u00f8nna og at festing og alkohol er noko som ein skal sei er ok. Eg synes at det er s\u00e5rt at vi som kristne synes at dette er greitt.<\/p>\n<p>Eg har ingen rett til \u00e5 d\u00f8mme nokon, eller sei kva andre skal gjere, men eg ynskjer \u00e5 anbefale andre kristne ungdommar til \u00e5 ikkje sj\u00e5 p\u00e5 denne serien. Den er overflatisk og lite oppbyggande. Som eg sa i starten, s\u00e5 har serien fokus p\u00e5 at ein m\u00e5 vere seg sj\u00f8lv og ikkje bry seg om kva andre meiner og tenkjer, noko som er veldig bra. Men for meg s\u00e5 blir det totalt overskygga over alt det andre som eg s\u00e5g i denne episoden.<\/p>\n<p>Eg trur det er viktig at vi les kva Bibelen, alts\u00e5 Guds ord, fr\u00e5 1 mosebok til Johannes openberring seier om kva som er rett og galt. Som eg nemnde s\u00e5 har eg ingen rett til \u00e5 d\u00f8mma nokon som helst, men eg trur at det Bibelen seier er sant, og at vi ikkje berre kan godta alle desse handlingane som blir vist i serien &laquo;Skam&raquo;.<\/p>\n<p>Djevelen er sterk, og eg trur at han bruker alle moglegheiter til \u00e5 f\u00e5 oss kristne, inkludert meg sj\u00f8lv til \u00e5 f\u00e5 fokuset v\u00e5rt bort fr\u00e5 det Gud seier og det som er rett. Og eg trur at Djevelen har klart akkurat dette gjennom denne serien. Eg h\u00e5par at dette kanskje kan f\u00e5 folk til \u00e5 vere litt merksam p\u00e5 kva serien handlar om. Og at dette kanskje kan vere ei \u00e5tvaring om kva vi fyller oss med.<\/p>\n<p>Eg snakka med ein kamerat, som sa at i staden for songen &laquo;city of satan&raquo;, burde vi heller spele songen av Chris Tomlin, &laquo;God of this city&raquo;. Dette er eg s\u00e5 absolutt einig i, men ogs\u00e5 redd for at det ikkje hadde blitt vist p\u00e5 norsk TV.<\/p>\n<p>Ynskjer til slutt \u00e5 helse dykk med eit bibelvers.<\/p>\n<p>&laquo;Ta vare p\u00e5 hjarta framfor alt du tek vare p\u00e5, for livet g\u00e5r ut fr\u00e5 det&raquo;<\/p>\n<p>Ordt\u00f8ka. 4, 23<\/p>\n<p align=\"right\">\n<p align=\"right\">Hans Ivar Guddal<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Barne- og ungdomsarbeidar Hans Ivar Guddal gir her rettleiing om ein av tidas mest popul\u00e6re TV-seriar.<\/p>\n","protected":false},"author":6,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_oct_exclude_from_cache":false,"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8997"}],"collection":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/6"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=8997"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8997\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":8999,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/8997\/revisions\/8999"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=8997"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=8997"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=8997"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}