{"id":5425,"date":"2013-04-19T03:21:25","date_gmt":"2013-04-19T01:21:25","guid":{"rendered":"http:\/\/nri-imf.no\/?p=5425"},"modified":"2013-04-18T14:31:23","modified_gmt":"2013-04-18T12:31:23","slug":"nytt-fra-molde-folkehogskole","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/nri-imf.no\/?p=5425","title":{"rendered":"Nytt fra Molde Folkeh\u00f8gskole"},"content":{"rendered":"<div id=\"attachment_5426\" style=\"width: 310px\" class=\"wp-caption alignleft\"><a href=\"http:\/\/nri-imf.no\/wp-content\/uploads\/2013\/04\/isdykking.jpg\" rel=\"lightbox[5425]\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" aria-describedby=\"caption-attachment-5426\" class=\"size-full wp-image-5426\" title=\"isdykking\" src=\"http:\/\/nri-imf.no\/wp-content\/uploads\/2013\/04\/isdykking.jpg\" alt=\"\" width=\"300\" height=\"225\" \/><\/a><p id=\"caption-attachment-5426\" class=\"wp-caption-text\">Mykje arbeid \u00e5 lage hol i isen n\u00e5r den er halvmeteren tjukk<\/p><\/div>\n<p><strong>Isdykking blant 100 \u00e5r gamle tr\u00e6r er ikkje kvarrdagskost, heller ikkje p\u00e5 Molde Folkeh\u00f8gskole. Les siste nytt fr\u00e5 skulen her.<\/strong><\/p>\n<p><!--more--><\/p>\n<p>Tekst og foto: Nils Arve Styve<\/p>\n<p>Kvar v\u00e5r dreg linja &laquo;Dykking\/klatring&raquo; til Bergen, slik ogs\u00e5 i \u00e5r:<\/p>\n<p>Turen startar gjerne med eit av dei mest sagnomsuste ferskvassdykka i Noreg, Lygnst\u00f8ylsvatnet. S\u00e5 ogs\u00e5 i \u00e5r. Sn\u00f8en plar vere reist, og isen borte &#8211; men nei, ikkje i \u00e5r. Det m\u00e5tte bli isdykking.<\/p>\n<p>Isen m\u00e5lte drygt ein halvmeter, og det var ei utfordring i seg sj\u00f8lv \u00e5 skjere hol i isen. Sverdet p\u00e5 motorsaga var for kort, og vi m\u00e5tte til slutt p\u00e5 bygda for \u00e5 l\u00e5ne ei handsag til siste rest. Holet blei stort og godt, og dykket gjekk knirkefritt.<\/p>\n<p>Pga. obligatorisk line blei aksjonsradiusen noko begrensa, og vi ville for all del ikkje risikere \u00e5 vikle liner inn i skogen som framleis st\u00e5r der under vatn, hundre \u00e5r gammal. Det kunne blitt eit trist syn for neste dykkarar som kom.<\/p>\n<p>Linedykking er ikkje noko vi gjer mykje av heller, s\u00e5 dette m\u00e5tte trenast p\u00e5 i forkant. Linesignal m\u00e5tte puggast utanat, og for \u00e5 gjere det s\u00e5 realistisk som mulig trena vi p\u00e5 nattdykk med overflateline og linemann. Dette meistra elevane meget bra, og d\u00e5 var det berre \u00e5 k\u00f8yre p\u00e5!<\/p>\n<p>&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;&#8212;-<\/p>\n<p>Vi kan ellers melde at skulen no har teke inn 131 elevar til neste skule\u00e5r og har opplevd rekords\u00f8kning. Oppussinga av tredje etasje p\u00e5 Nyborg er nesten fullf\u00f8rt og skulen er godt budd til \u00e5 ta imot mange nye elevar.<\/p>\n<p>Satsinga p\u00e5 \u00e5 formidle evangeliet til elevane er sterkt ved skulen. Daglege morgonsamlingar tek opp ting knytt til tru og tanke. Kvar veke er det &laquo;m\u00f8te&raquo; (Pit Stop) kor mellom 60 &#8211; 80 % av elevane samlast om Guds ord, b\u00f8n og lovsong. Alle elevane er ogs\u00e5 med i &laquo;Tru og tanke-grupper&raquo; som samlast reglemessig saman med ein fast l\u00e6rer gjennom heile \u00e5ret. Dette er eit stort s\u00e5arbeid som vert gjort gjennom eit heilt skule\u00e5r. Vi veit at Guds ord alltid gjer si gjerning, og s\u00e5 f\u00e5r andre hauste n\u00e5r tida er moden.<\/p>\n<p>Krinsstyret vil gjerne gje uttrykk for stor takksemd til skulens personale for den gode m\u00e5ten dei driv ein kristen folkeh\u00f8gskule p\u00e5.<\/p>\n<p>Skulen si generalforsamling vart halden onsdag 17. april. Det er krinsstyret i NRI som er utgjer \u00e5rsm\u00f8tet\/generalforsamlinga for skulen. \u00c5rsmelding og \u00e5rsrekneskap vart godkjende, og Arild Ove Hal\u00e5s og Asbj\u00f8rn R\u00e6stad vart vald inn i skulens styre. Fr\u00e5 f\u00f8r er Lars Myklebust, Anne Bente Klokk Svendsvik og Margaret Kj\u00f8de R\u00f8dal styremedlemmar.<\/p>\n<p>F\u00f8lg livet ved skulen dagleg p\u00e5 <a href=\"http:\/\/www.molde.fhs.no\">www.molde.fhs.no<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Isdykking blant 100 \u00e5r gamle tr\u00e6r er ikkje kvarrdagskost, heller ikkje p\u00e5 Molde Folkeh\u00f8gskole. Les siste nytt fr\u00e5 skulen her.<\/p>\n","protected":false},"author":6,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_oct_exclude_from_cache":false,"footnotes":""},"categories":[3],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5425"}],"collection":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/6"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=5425"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5425\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5427,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/5425\/revisions\/5427"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=5425"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=5425"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/nri-imf.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=5425"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}