Super familieleir på Frænabu

Lek i snøen

Helga 25.-27. januar var det igjen klart for den årlege familieleiren på Frænabu. Denne gongen var det 40 deltakarar som hadde funne veien til leirstaden for å ha ei helg saman med mange gode mennesker.

Det som er spesielt med januarhelga er at Bilbøy bibelskule reiser på turne rundt om i det ganske land. Då er også eit av reisemåla Nordmøre og Romsdal krets. Og som dei føregåande åra var dei også i år med på familieleiren. Per Gunnstein Nes (bibellærar) hadde med seg 7 førsteårselevar og ein stipendiat (andreårselev) som var med oss heile helga. Det var ein veldig flott gjeng som ikkje var redde for å utfordre seg sjølve og ta på seg oppgåver og utfordringar. Eg må få benytte anledninga til å skryte litt av gjengen frå Bildøy. Det å oppleve ungdommar som er så interessert, ivrige, dyktige og ikkje minst Jesusfokuserte, er ein sann fryd. Tusen hjarteleg takk for at de tok turen.

Ellers var leiren ganske så normal. Vi hadde mange kjekke aktivitetar, både inne og ute, gode bibelsamlingar der bildøygjengen stod for undervisninga. Barna hadde bibelsamling først før dei vaksne fekk undervisning etterpå. Då var det også barnepass. Det vart tent bål oppe ved gapahuken etter sporløpet på laurdagen. Leirfesten var nok eit høgdepunkt for mange før vi fekk ein nydeleg tacomiddag på kvelden. Må også legge til her at maten på Frænabu er heilt fantastisk.

Søndagen er dagen då vi reiser heim att. Bildøygjengen reiste heim etter bibeltimane for å ikkje kome heim alt for seint. Vi som var igjen fekk ei strålande avslutning med svinesteik til middag og fromasj til dessert.

Det å vere på familieleir er heilt spesielt. Det ligg vel litt i namnet, men det er som at vi blir ein einaste stor familie. Å oppleve det kristne fellesskapet med så mange er verkeleg stort. Mange kjem igjen år etter år, men samstundes er det alltid nokon nye, noko som er veldig kjekt.

Til slutt ynskjer eg å takke. Takk til Frænabu for gode senger og strålande mat, takk til Bildøy som stilte med ein fantastisk gjeng og ikkje minst: Tusen takk til alle dykk som tok turen for å vere saman i det gode fellesskapet vi har på leir.

Takk for denne gongen og hjarteleg velkomne tilbake på neste leir.

Gud velsigne dykk alle.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *