Nytt fra Høgtun folkehøgskole

Nye elever og foresatte

18.august gjekk alle flagga til topps på Høgtun! Nye elevar og åpning av det nye året måtte sjølvsagt markerast! Elevar, lærarar og foreldre var spente.

For dei fleste av elevane er det bl.a  noko nytt å skulle dele rom med ein ukjent person. Men utover kvelden gjekk allerede praten over kaffiborda og på internatrom.

Tur til Orsetsetra

Søndag 19.august hadde vi fellestur til Orsetsetra og til Nøssa. På setra var det servering av kaffe, kakao, saft og kaker. Det vart ein ganske våt tur – her fekk elevane teste regnklede og fjellsko ved første anledning! Dei første dagane var ellers prega av mykje informasjon og bli-kjent opplegg. I år måtte lærarane tåle eit solid nederlag i den tradisjonelle lærer-elev fotballkampen. Men i april er stjernespelarane Knut Anders Fostervold og Tor Einar Hovde klare for revansjeoppgjer- då får vi sjå!… Torsdag 23.august starta første linjeopplegg. Det innebar at linjene kom i gang med sine turar og aktiviteter – og at dei reiste av gårde på ulike turmål på nordmøre.

No er vi i gang! Vi har mykje å sjå fram til; turar, sosialt samver, trening, «Kvilepuls», samtalegrupper, sangkveld, strikkekveldar, vinterbading, skigåing, volleyballkampar og mykje meir!

Det er kjekt at vi fekk elevar frå nesten alle fylker. Vi mangla berre nordland og svalbard. Og det er kjekt å ta imot ungdomar frå Sør-korea, Nederland, Tyskland, Venezuela, Kenya, USA, Italia og Kina. Litt av ein flokk!

Vi er takknemlige for alle elevane vi har fått i hus. Vi er takknemlige for alle som huskar på Høgtun i bønn – for ansatte og elevar. Vi trur fremdeles at folkehøgskole er ein god idè! Og vi trur fremdeles på at Gud har ein veldig god plan!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *